styvi - bleiklindi 18. juni 2006

Det var på tide med ein tur inn i Nærøyfjorden og då det var meldt litt middels vestlandsver, høvde det godt med ein spasertur langs den gamle postvegen mellom Styvi og Bleiklindi. Ferjemannskapet lempa oss av på Styvi kl 10.30 med grei beskjed om å vere attende innan kl 14.30 viss me ville heimatt til høveleg tid. På Styvi fekk me ein hyggeleg prat med Kjellaug og Botolv Hov om mangt og mykje og om dei umerka og veldig lite brukte rutene frå Grindaflethytta ned til fjorden.

Turen inn til Bleiklindi var fin. God, men litt våt sti og alldeles nydeleg utsyn og oppsyn (vart nesten stiv i nakken av å sjå opp på fjella og moglege turar). Møtte ingen andre vandrarar, men helste på nokre padlarar som såg ut til å ha ein flott dag. Sidan me ikkje hadde båtskyss frå Bleiklindi, rutebåten/-ferja stoppar berre på Styvi, måtte me gå tilbake òg, men kva gjorde no det ein slik herleg dag. Samla tidsbruk vart tre timar, så me hadde rikeleg med tid før ferja plukka oss opp att (til enorm glede for nokre hundre turistar med knipsearmatur).

Kart: 1316 I - Gudvangen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Tidleg føremiddag i Nærøyfjorden
Tufte
På veg til Styvi med motgåande ferje på veg inn fjorden
Utsyn utover fjorden
Galden
Ved Klungreneset
Odnesfossen
Mot Holmo med Tufte på motsett side av fjorden
Både store og små fartøy i fjorden denne dagen
Ved Bleiklindi
Holmo, med ei stor gravrøys frå bronsealderen til venstre
Utsyn frå Odnes mot fjorden og Tufteelvi som kastar seg ut frå Rimstigbotnen
To skilt som fortel det meste om kvar me er og kva som er lov
Lite vaffelgjester denne dagen
Ferja på veg inn til Styvi for å hente oss