ljosandbotn - grindaflethytta - fyre 6.-7. april 2002

Ein helgetur med strålande ver og påskeføre som kjenneteikn. Laurdagen byrja med noko motbakke frå togstasjonen nedst i Ljosanddalen før landskapet opna seg og det vart mindre kupert terreng fram til hytta. Her vart det tid til ein ettermiddagstur mot Grindafletene. Sundagen gjekk turen langs kvisteruta til Fyre, med ein avstikkar undervegs til Nebbet for å nyte utsynet mot Nærøydalen. Nebbet vert stundom nytta til basehopping og det var ikkje vanskeleg å sjå kvifor. Ein avstikkar som absolutt kan tilrådast viss der er tid. Dei nihundre høgdemetrane på påskeføre ned Øvsthusdalen vart ei praktfull avslutning på turen.

Kart: 1316 I - Gudvangen og 1316 II - Ulvik. Turkarta Stølsheimen - Nærøyfjorden (1:100 000) og Raundalen og Flåmsdalen (1:50 000) kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ljosanddalen
Tormod på veg mot namnlaus topp 1304 moh ved Grindafletene
Nærøydalen frå Nebbet
Utsyn mot Nærøyfjorden og Vindeggi (1294 moh)
Øvsthusdalen med Oppheimsvatnet i det fjerne