ljosandbotn - grindaflethytta - flåm 27.-28. august 2005

27. august: Ljosandbotn - Grindaflethytta
Det draup såvidt frå himmelen i det eg hoppa av toget, men med tanke på at det hølja ned på Myrdal så var det framgang å spore. Fint terreng oppover Ljosanddalen med jamn stigning. Litt brattare siste bakken før Borgarbuvatnet, men fint å gå.

Utsynet var også brukbart trass i at skyene låg ned på toppane. Bakken var blaut og skoa heller dårleg impregnert i det siste og over Grånosmyrane vart det litt for mykje av det gode.

Vidare var det lettgått over Hegganuten og bort til Jøtebotn der dagens siste motbakke kom. På toppen her var det praktfullt utsyn mot Ramsøynuten og Skammedalshøgdi no som nokre av skyene hadde teke ein liten sommarferie. Så var det berre å traske siste biten bort til hytta og ein stille kveld.

Tja, stilt var det vel ikkje heilt. Ei dame i sin beste alder knakk leggen ein kilometer frå hytta og måtte hentast ut med helikopter. Grunna diverse misforståingar kom det eit bårelag traskande frå Fyre ni timar seinare...

10. oktober: Grindaflethytta - Flåm
Grei spasertur i dårleg ver med lite utsyn før det opna seg på veg ned Gunnhildskårane til Flåm.

Kart: 1316 I - Gudvangen, 1316 II Ulvik - og 1416 IV - Aurland



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ljosanddalen
Ved Borgarbuvatnet (995 moh)
Ved Grånosmyrane
Haustfargane på veg med snødryss på toppane
Ved Vassetelvi
Brua over Vassetelvi
Utsyn mot Ramsøynuten (1542 moh) og Skammedalshøgdi (1603 moh)
Flåm