fyrde - grindaflethytta t/r og skjerpisnuten 11.-12. juni 2004

Sommaren nærma seg og turen førre helga til Aurlandsdalen hadde overbevist meg at det var lite snø til årstida å vere. Grindaflethytta ville då vere eit fint val for årets første langtur til fots. Då eg starta frå Fyrde var veret av det skiftande slaget, bra temperatur, men yr i lufta. Dette heldt seg stort sett medan eg gjekk oppover Øvsthusdalen. Ein dal som er relativt keisam sommarstid, skogpartiet er i og for seg ok, men elles er det karrigt og goldt. Vinterstid derimot, ei mil og 900 høgdemeter, det er ein annan skål:-).

Dalen var snøfri heilt til siste kneika fremst i dalen opp mot Stangahøgdi, her var det nokre mindre fenner. Likelevl rekna eg med at det kom til å bli ein stort sett grei tur inn til hytta som ligg seks kilometer frå Stangahøgdi. Der tok eg feil. Veldig feil. Har aldri sakna skia mine så mykje. Det var nemleg snø som møtte augene då eg kom opp på Stangahøgdi og såg Fyresdalen. Fjellsidene var betre stilt, men det ville jo vere traurig å ta seg fram i skråningane der òg. Hadde aldri drøymt (frykta) at det skulle vere så mykje snø i 1100-meters høgde no.

Eg kunne sjølsagt tverra 180 grader og reist heim, men beit det i meg og gjorde det beste ut av det. Snøen var brukbar å gå på, men gjennomslag måtte jo kome innimellom. Tok sjansen på eit par snøbruer for å gjere det enkelt, noko som gjekk bra. Prøvde å forestille meg at det ikkje var noko annleis enn ein fottur på Josten, men greidde ikkje heilt å overbevise meg sjølv. Isen hadde så smått byrja å gå på Grindafletvatni, men det er nok eit par veker før sommaren kjem. På hytta var det stilt og fredeleg, noko som passa bra. Eg drøymde sikkert heile natta om skia som stod på soverommet i Sogndal.

Veret neste morgon var veldig lovande, stort sett lettskya, men dei få skyene som var der låg ned mot 1400, altså lågare enn dagens mål, Skjerpisnuten (1480 moh) (ny pers i antall komma i ei setning). Første utfordringa var bakken opp til varden på 1338 moh, her var det ei fin blanding av snø og fjell. Vel oppe opna utsynet seg, mellom anna kunne eg byrje å ane Nærøydalen. Vidare dei to kilometrane mot 1477-toppen var det nokonlunde brukbart, men den siste snøbakken med 150 høgdemeter var litt lang.

No var det ned drøye hundre høgdemeter, noko som var litt kjipt, spesielt sidan eg ikkje fekk gleda av snøbakke nedover. Den siste biten opp til Skjerpisnuten var føtne lite samarbeidsviljuge, snøen likeeins, ikkje umogleg at det var ein samanheng der. Petre med Are og Odin highlights måtte til for å dra meg opp det siste stykkjet, men på toppen var det ut med øyrepluggane. For her var det utsikt. I alle himmelretningar. Rett nok nokre skyer her og der, men det fekk no berre stå sin prøve. Nærøyfjorden låg blank i solskinet 1480 høgdemeter nedanfor og vart den store kameramagneten. At ferja var på veg ut forbi Bakka gjorde det heile enda betre. I tillegg var det eit par andre større båtar på fjorden.

Det vart sjølsagt tid til ein avstikkar eit par hundre meter bort til kanten av Nærøydalen der det naturleg nok var veldig luftig. Greitt nok at eg ikkje har noko særleg høgdeskrekk, men basehopping står eg over. Nok ein gong, men frå ein ny vinkel, fekk eg moglegheita til å studere den nydelege Jordalsnuten (937 moh) som eg må vitje ein eller annan gong. Eg kunne elles nyte utsynet mot mellom anna Raundalsegga, Fresvikbreen og Hardangerjøkulen.

Heimover gjekk alt så mycket bedre, det er mykje kjekkare å gå nedover enn bortover på snø. Steingåinga ved Halsavatnet gjekk utan større vanskar og snart var eg over i Øvsthusdalen. Her var det som kjent snøfritt og det var berre å ta tida til hjelp nedover. Det vart varmare og varmare sidan sola følte for å ha ein god dag. Vatn er det meir enn nok av i dalen på denne årstida, så stoda var brukbar då eg kom ned til E16 og årets første lamgtur til fots var over. Litt stiv i føtne, men det vert gløymt lenge før utsynet frå Skjerpisnuten forsvinn frå netthinna.

Kart: 1316 I - Gudvangen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Flenjaeggi med Flenjabrjostet (1532 moh)
Fyresdalen sett frå ryggen NV av Grindaflethytta
Vindeggi (1294 moh)
Fresvikbreen (1648 moh)
Raundalsegga
Nærøyfjorden og Vindeggi
Nærøydalen
Utsyn frå Stangahøgdi vestover mot Fyresdalen
Nedover Øvsthusdalen mot Oppheimsvatnet. I bakgrunnen til venstre Lønahorgi (1410 moh)