fyre - grindaflethytta - skjerping 9.-10. oktober 2004

9. oktober: Fyre - Grindaflethytta
Det var ein fin dag då eg for fjerde gong i år la i veg oppover Øvsthusdalen. Tykte det var ein kjip dal sist gong, no vart det ein noko betre tur. Haustfargane liva iallfall opp i den nedste delen. Tok som vanleg ein pause ved selet halvveges opp i dalen. Hadde på førehand bestemt meg for å drive litt forskning denne dagen. Kosthaldet skulle vere sukker (marsipan og sjokolade) heile vegen... Ispedd litt saft (sukkerfri) og vatn. Dette gjaldt sjølsagt frå start ved Fyre og heilt fram til hytta.

Dette ga som venta følgjande utslag: Høgt oppe og gira som f... i femten-tjue minutt etter inntak og så totalt øydelagt. Heilt tom. Fullstendig knust. Uansett artigt (i ettertid) å ha prøvd det. Utsynet på Stangahøgdi mot Fyresdalen var nydeleg, litt nysnø på Flenjaeggi var kransen på toppkaka. Så var det å spasere innover dalen til Grindafletene og hytta. Her vart det ein fin kveld, ungdomsgruppa i BT dukka opp etterkvart...

10. oktober: Grindaflethytta - Skjerping
Då eg reiste frå Sogndal var eigentleg meininga at eg skulle gå til Langhuso denne dagen, via Steganosi. Dette vart endra då eg passerte Skjerping dagen i førvegen og såg at det var lite vatn i fossen i Hallinggjelet. Dette gjelet hadde stått på lista mi (ikkje å forveksle med lista eg sender til Julenissen) i nokre år, men var av ymse årsaker ikkje kryssa ut.

Søndagen byrja dermed med å gå attende Fyresdalen til eg var ved Halsavatnet. Her vart kursen sett nedover mot Skjerpishalsen. Dette var gamalt terreng for meg, sidan eg og Tormod var her på skitur for eit par år sidan. Då var me berre nede til stupkanten, men no var planen å gå heilt ned til Skjerping.

Utsynet var, som sist, praktfullt der eg bokstaveleg tala stod på kanten av stupet. Nærøydalen låg tusen meter nedanfor og lenger ute låg Nærøyfjorden i flott haustver. Det vart ein lang pause her medan eg nesten dingla i lause lufta med føtne... Så var det på tide å finne vegen nedover. Siktet vart sett mot øvst i Hallinggjelet. Elva som måtte kryssast før gjelet var ok å kome over. Det var rett nok nokre spinnglatte isdekte steinar, men det gjekk no greitt. Første forsøket på å kome ned i gjelet var mislukka, men femti meter bortanfor gjekk det langt betre.

Før eg prøvde meg nedover var det god tid til ein tur på Halsatoppen. Det var overraskande enkelt å kome seg bort på toppen, eg hadde sidan skituren for eit par sidan førestilt meg at dette måtte vere ein luftig affære. Utsynet var no heldigvis som venta. Heilt uhindra sikt til nesten heile Nærøydalen og -fjorden.

Vel tilbake ved sekken var det tid for å kome seg heim. Noko som sjølsagt betydde at eg skulle ned gjelet. Det vart kjapt klart at eg måtte holde meg på høgre sida sidan venstre sida var glasert. Eit bittelite kronglete parti vart forsert og så var det eigentleg greitt å ta seg ned. Tok det roleg då det var tildels mykje is og elles sleipt underlag. Fossen vart passert på høveleg avstand. Kan tenkje meg at det er andre forhold her tidleg på sommaren når det er snøsmeltesesong.

Gjekk og grubla litt på om det var utsett for steinsprang her, tenkte det måtte vere ein grunn til all steinen. Konkluderte vel med at eg tenkjer for mykje... Elva forsvann etterkvart under all ura og det vart lettare å ta seg fram. Skjerping kom til syne då eg runda nedst i gjelet og etter litt sjokolade (åt også skiver denne dagen) var det berre å kome seg ned gjennom skogen og den storsteina ura.

Mista ein svart fleecehanske så om nokon finn han vert det ikkje finnarløn. Det var som vanleg lengre ned enn det såg ut til, men då eg kom ned og snudde meg og såg oppatt, kunne eg endeleg krysse av i lista:-). Godt å avslutte fottursesongen på denne måten.

Kart: 1316 I - Gudvangen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Fyresdalen med Flenjaeggi i bakgrunnen
Ved Grindafletvatni ein nydeleg haustmorgon
Utsyn mot Flenjaeggi
På veg nedover til stupet mot Nærøydalen
Nærøydalen, Nærøyfjorden og Vindeggi (1294 moh)
400 meter loddrett fall viss eg går eit langt steg fram...
Solskin på Halsatoppen (841,5 moh) som eg vitja litt seinare. I bakgrunnen kan ein skimte busetnaden på Hylland
Øvste og smalaste delen av Hallinggjelet som er vegen eg gjekk ned
Nærøydalen, Nærøyfjorden og Vindeggi
Nærøydalen, Nærøyfjorden og Vindeggi (jadao, veit det er tredje gongen)
Vindeggi
Øvste delen av gjelet. Heldt meg stort sett inntil fjellet på motsett side nesten ned til fossen
Nedre delen av gjelet. Grått og kaldt, men kjekt å gå ein ny plass
Han traff godt med øksa då han forma Nærøydalen...
Utsyn oppover gjelet
Skjerping
Nærøydalen, Nærøyfjorden og Vindeggi