fyre - grindaflethytta - flåm 7.-8. august 2004

Det var siste helga av ferien og eg berre "måtte" til fjells.

7. august: Fyre - Grindaflethytta
Litt sånn blanda ver, ikkje for bra og ikkje for dårleg denne dagen. Hadde ein fin tur med mange pausar oppover Øvsthusdalen. Formen var veldig bra, noko som nok skuldast at eg tidlegare i ferien stort sett hadde vore til fjells. Rett før Stangahøgdi fekk ein hyggeleg prat med tilsynet på Grindaflethytta, han hadde vore ein tur innover for å sjå til at alt var vel. Vidare bort til hytta vart det òg ein fin tur, hadde ein liten avstikkar oppom Fyresstølen sidan eg ikkje hadde vore der tidlegare.

8. august: Grindaflethytta - Flåm
Strålande ver og ein nydeleg morgon. Fekk følgje den første timen over Raudeggi og bort til Soleifletvatnet, før vossingen sikta seg inn på Ljosanbotn og eg på turistmagneten Flåm. Småtungt opp bakken til høgste punktet på turen, knapt 1400 moh. Her vart det ein passe lang matpause med utsyn nedover Ljosdalen der eg noko seinare tusla nedover. Før det hadde eg passert Jordalsskavlen som har smelta noko abnormt dei siste åra, det kan ikkje vere mykje att av den når sommaren er over.

Det vart frykteleg varmt då eg kom ned i dalen, vermeldinga hadde meldt rundt 30 grader denne dagen, og varmt var det. Ljosdalen er ein fin dal, vel mykje stein øvst, men nede ved stølen er det så absolutt frodig og idyllisk. Myra er rett nok ikkje av det snille slaget, men det er ikkje så mykje ein kan få gjort med det (iallfall ikkje utan større inngrep, noko som sjølsagt ikkje er ønskjeleg).

Dalen er ein hengjedal, altså er det bratt i nedste enden. For å vere nøyaktig sjuhundre høgdemeter i slyng gjennom skog ned til Brekke. Dette var om lag som å gå i ein smelteomn (ikkje at eg har prøvd det), kokande varmt. Utsynet var meget bra mot fjorden og Blåskavlen, men etter kvart vart det berre tungt. Måtte ty til musikk for å koble litt av den siste halvtimen. Vel nede i Flåm vart det litt tid til å dingle med føtne i fjorden før båten tok meg første stykkjet heimatt.

Kart: 1316 I - Gudvangen og 1416 IV - Aurland



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Fyresdalen
Fyresstølen
Soleifletvatnet (1119 moh) med Såteggi og Raudeggi i bakgrunnen
Brekkedalen med Brekkedalsvatnet (1175 moh)
Jordalsskavlen har smelta kraftig dei siste åra
Ljosdalen
Flåm og Aurlandsfjorden
Blåskavlen (1809 moh)