fyrde - grindaflethytta t/r med dagstur i området 1.-3. april 2004

Tidleg påsketur til eit område eg aldri kjem til å slutte å gå i.

1. april: Fyrde - Grindaflethytta
Veret var for godt til å vere på arbeid, og med heller dårleg vermelding for påska vart det ein tidleg påsketur i år. Byrja i flott ver opp frå Fyrde ut på ettermiddagen, tempoet var avpassa kontorkondisen eg har pådrege meg siste halvåret. Eit litt uheldig vegval ga meg ein liten omveg i skogen før terrenget opna seg over skoggrensa. Ved hytta halvveges opp i Øvsthusdalen vart det ein sjokoladepause i ly for brisen som gjorde det litt småsurt.

Fremst i dalen var det heldigvis heilt stilt, det var tungt nok å ta seg opp den siste bratta opp til Stangahøgdi likevel. Her var det eit praktfullt utsyn ned dalen mot Oppheimsvatnet og vidare mot Lønahorgi. Like flott var det å sjå austover mot Flenjaeggi. Sola var no i ferd med å gå ned, men det var stjerneklårt og nesten fullmåne så det vart ein fin tur vidare inn til Grindaflethytta. På hytta var eg så heldig å treffe Anders (sjå turen opp Brattebakken i mai sist år) og det vart ein triveleg kveld. Totalt med pausar brukte eg om lag fire timar på turen. Føret var hardt og feller ein ubetinga føremon opp dalen.

2. april: Dagstur i området
Det hadde blåst veldig om natta, men det virka som det hadde løya utpå morgonkvisten. Det vart litt seint før eg kom meg ut denne dagen, men det var no godt å ta det litt roleg. Dagens mål var Flenjabrjostet, normalt ein relativt kort og grei dagstur frå hytta. Då eg passerte nordaust av Raudeggi var diverre vinden vorten så håplaus at eg ombestemte meg. Å kave seg opp på toppen under desse tilhøva var bortkasta energi når ein kunne nyte livet nede i dalen og sola.

Dermed vart det ein heller roleg tur ned forbi Soleifletvatnet til eg traff på kvisteløypa frå Ljosanbotn. Mange pausar, marsipan og soltilbeding vart programmet for turen. Heimover var det berre å følgje kvistane og nyte utsynet mot Ramsøynuten og Skammedalshøgdi. Om kvelden var det ring rundt månen, noko som bar bod om veromslag...

3. april: Grindaflethytta - Fyrde
Det varsla veromslaget frå kvelden før hadde slått til. Då eg forlet hytta om morgonen var det overskya og snø i lufta. Då eg hadde vinden i ryggen gjekk det likevel veldig greitt dei seks kilometrane bort og opp til Stangahøgdi. Her byrja det for alvor å snø. Nedover dalen var føret veldig hardt, noko som ikkje gjorde farten mindre. Då eg steingjekk elva tok eg meg samstundes tid til å sjekke klokka (har ikkje klokke så eg nyttar klokka på fotopparatet). Eg fekk då veldig hastverk sidan det var berre halvtimen til bussen gjekk. 25 minutt viste seg å vere nok, men det vart noko heseblesande til ferie å vere. Tidsbruken denne morgonen vart 2.15, noko føret får ta skulda for.

Kart: 1316 I - Gudvangen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Nedover Øvsthusdalen mot Oppheimsvatnet (337 moh)
Lønahorgi (1410 moh) og Oppheimsvatnet
Austover Fyresdalen mot Flenjaeggi
Utsyn sørover mot Mjølfjell
Grindafletvatni og -flyane. Den bakarste toppen er Ramsøynuten (1542 moh), medan Skammedalshøgdi (1603 moh) er heilt til høgre i biletet
Flenjaeggi og -brjostet (1532 moh)