fyre - grindaflethytta - langhuso 11.-12. oktober 2002

Vermeldinga var bra og snøen hadde enno ikkje kome i fjellet, dermed var alt duka for ein flott tur over fjellet frå Fyre ved Stalheim til Langhuso. Rett nok var det veldig kaldt, men til slikt har ein noko som heiter klede.

Det vart sein start grunna førelesing, eg hoppa av bussen i to-tida på ettermiddagen. Den fyrste delen av turen var ei knapp mil oppetter Øvsthusdalen med ei stigning på nærare tusen meter. Då eg ville kome fram før det vart mørkt, gjekk denne biten kjapt unna. På Vardabrekkene var det eit nydeleg utsyn mot nokre isdekte småvatn og Fyresdalen. Herifrå var det stort sett flatt eller slak nedoverbakke til Grindaflethytta. Bakken var frosen, noko eg merka då eg snubla i ein stein som ikkje ville flytte seg :-(. Det gjekk greitt å nå hytta før sola gjekk ned og eg kunne nyte utsynet mot Skammedalshøgdi som eg skulle passere neste dag.

Termometeret viste sju-åtte kalde klokka åtte om morgonen og i tillegg låg det skodde over Skammedalshøgdi frå om lag 1350 moh. Eg la likevel avgarde i von om at skodda ville lette, det var jo trass alt meldt strålande ver. Då eg ein dryg time seinare var ved Skammedalshøgdi låg skodda der framleis, i tillegg var det ein særs kald vind. Dermed var det fram med kompasset, det var heller lita hjelp i dei raude t-ane sidan dei var dekka med rim. Det er heller ingen sti i dette steinlandskapet, berre nokre vardar her og der. På nordvestsida av Øyaskavlen var det mogleg å sjå deler av eit tidlegare fangstanlegg med dyregraver og bogestille.

Ved hytta på Fessene var det mogleg å kome i ly for vinden og få seg litt mat og drikke. I tillegg måtte eg bestemme meg for kvar ferda gjekk vidare. Meininga var eigentleg å kome meg til toppen av Syrdalsbreen då utsynet derifrå skal vere praktfullt. Dette målet var tidlegare på dagen justert til toppen av Storebreen som er rett over Fessene. Diverre hadde ikkje skodda letna og såg heller ikkje ut til å gjere det. Dermed var det relativt enkelt å innsjå at eg måtte kome meg ned frå fjellet og dei mange minusgradene. I Jonadalen forsvann vinden og det vart straks meir komfortabelt. Med unntak av ein overivrig geitebonde med rifle vart det ein fin tur ned dalen til Langhuso og årets siste langtur var over.

Kart: 1316 I - Gudvangen og 1416 IV - Aurland. Turkarta Stølsheimen - Nærøyfjorden (1:100 000) og Raundalen og Flåmsdalen (1:50 000) kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg oppover Øvsthusdalen
Utsyn nedover dalen mot Oppheimsvatnet
Fyresdalen sett frå Vardabrekkene
Skammedalshøgdi (1603 moh)
Voss Utferdslag sine hytter på Grindafletene
Kald haustmorgon ved Grindafletflyane
På veg mot skodda og Skammedalshøgdi
Grindafletflyane
Dyregrav mellom Skammedalshøgdi og Fessene
Jonadalsbotnen
Nedste delen av Jonadalen