fyre - grindaflethytta - flåm 8.-9. oktober 2005

Hausttur i eit område eg aldri vert lei av. Skogen oppover frå Fyre bar preg av at hausten var her og at vinteren var på veg. Litt kaldt i lufta, men elles fine turforhold. Såpass at det vart ein ok pause ved hytta midtveges opp Øvsthusdalen. Vel over Stangahøgdi vart det ein flott tur bort Fyresdalen til hytta.

Det kom litt nedbør natta til søndagen, som snø over hytta og regn under... Dermed vart det snø som underlag dei første par timane, og heller dårleg sikt også. Det var difor ikkje det heilt store traskeveret før me kom eit stykkje ned i Ljosdalen. Den siste biten var fin, men det tok som alltid noko tid med alle svingane ned Gunnhildskårane. Når eg tenkjer meg om er det heilt sikkert ein grunn til at eg aldri har gått opp der...

Kart: 1316 I - Gudvangen og 1416 IV - Aurland



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Hauststemning ved Fyre
Halvveges opp Øvsthusdalen med utsyn til Oppheimsvatnet (337 moh)
Fyresdalen (Skjerpisdalen) sett frå Stangahøgdi
Sikringshytta på Grindafletene
Turmoglegheiter
Ved Grindafletvatni
Vinteren nærmar seg på Grindafletene
Stig O. vandrar i nysnøen
Ved Skratlandevatnet (1183 moh) mot Jordalsskavlen
Ljosdalen