fresvikbreen 5. oktober 2002

Flott dagstur til den 23. største breen i landet.

Med brekurset framleis i minnet vart det tur til Fresvikbreen denne dagen. Tidleg opp vart det òg sidan dagane byrja å verte korte. Tunnellane dei fyrste kilometrane opp frå Nærøydalen var nesten verd heile turen, men deretter roa terrenget seg innover Fresvikjordalen. Rett over Øvstedalen vart bilen parkert og fotturen byrja. Veret var ok, for det meste skya med noko solgløtt innimellom. Me følgde stien mot Fresvik til om lag 1300 meters høgde før me tok av mot breen. Breen er mindre enn kartet viser, noko som kjem av smeltinga dei siste åra. Ved fyrste augekast såg det ut til at det ikkje vart bretur, breen var nemleg snødekt og me hadde ikkje med oss sikringsutstyr, i sekken var det berre stegjarn og isøks. Heldigvis var det berre eit lite lag nysnø, ein centimeter eller to, slik at det ikkje var vanskeleg å oppdage dei få sprekkene som var. På topplatået (om lag 1650 moh) var det bra utsyn, me såg blant anna Lodalskåpa, Hestbrepiggane, Molden og Blåskavlen. Heilt heimatte såg eg altso og då vart det ein fin tur nedatt til bilen.

Kart: 1316 I - Gudvangen og 1317 II - Leikanger. Turkartet Stølsheimen - Nærøyfjorden (1:100.000) dekkjer heile turen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Bre ved vasskiljet Fresvikjordalen og Tundalen
Tormod på toppen av breen
Utsyn mot Blåskavlen (1809 moh, midt i biletet med nysnø)
Sørover mot Tverrbotnnuten (1611 moh)
Fresvikbreen sett frå sørenden
Haust ved Leitet