blåskavlen 27. juni 2004

Denne helga skulle eg eigentleg vere med Sogndal Turlag på ein nattskitur på Josten, men då den fornuftig nok vart avlyst grunna dårleg vermelding, måtte eg finne eit alternativ. Blåskavlen er ein topp eg har hatt lyst å vitje ei stund og då met.no viste sol og ingen vind på søndagen var det berre å kome seg avgarde på sesongens siste skitur.

Det vart ein fin og roleg tur denne søndags føremiddagen. Veret skifta ein del undervegs, men det var eigentleg ok med unntak av ein del vind på toppen. Den første kilometeren bort og opp til 1400 moh var det litt dårleg med snø, men då me kom inn på skavlen var det ein parademarsj mot toppen som ligg 1809 moh.

Utsynet var veldig bra, men var noko avgrensa grunna skydekke frå rundt 1900. I Hurrungane fekk me berre såvidt sett snurten av Store Austanbotntinden. Sørover såg me heilt til Hårteigen på Hardangervidda, medan Jostedalsbreen breidde seg ut i nord. Såg nesten kontoret mitt på Hermansverk... Nedatt gjekk det veldig fint, litt våt snø sjølsagt, men kva anna kan ein vente når sola har snudd om sommaren:-).

Kart: 1416 IV - Aurland



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Stig O. på veg opp den siste vetle bakken, om lag 200 meter frå toppvarden
Utsyn mot Sognefjorden og Leikanger
Vangsen (1757 moh)
Hårteigen (1690 moh) i det fjerne
Syrdalsbreen (1761 moh), med Beitelen (675 moh) som ein utløpar til høgre
Fresvikbreen (1648 moh)
Grånosi (1566 moh) og Bleia (1717 moh). I bakgrunnen Jostedalsbreen
Hornsnipa (1692 moh)