tafjordfjella 20.-24. august 2004

Hytte-til-hytte-tur med denne ruta:
Billingen - Torsbu - Pyttbua - Reindalsseter - Veltdalshytta - Billingen

20. august: Billingen - Torsbu
Det kjekkaste med heile turen var faktisk kjensla då eg gjekk ut av bilen på Billingen, såg meg rundt og ikkje kjende att noko som helst. Endeleg i eit område som var ein heilt kvit flekk på kartet for meg. Eg og Stig O. hadde eigentleg avtala å gå turen i fjor, men det vart aldri noko av. Hugsar ikkje kvifor, men det var sikkert ein grunn (tippeligakamp til dømes...). Etter litt pakking og ompakking var det i godt humør me vandra avgarde. Nokre regnbyger var ikkje nok til å knekkje den gode stemninga. Rett og slett utruleg moro å vere i nytt terreng. Lett å finne vegen var det òg. Berre å spasere oppover Tordsdalen og nyte naturen og den friske lufta.

Stien gjekk på vestsida av Torda heilt til Tverrådalen kom ned frå aust. Her var det over elva og langs nordsida av Tverråi opp til Tordsvatnet og Torsbu (hyttenamnet utan d av ein ukjent grunn). Siste kilometeren bort til hytta var prega av veldig flatt og steinete terreng, men greitt å ta seg fram. På hytta var det stilt og fredeleg, inkludert ein grekar som hadde forvilla seg opp i norske fjell midt under OL i heimlandet (kan nok vere difor han var her). Tidsbruk: 4 timar. Høgdemeter: Opp 500.

21. august: Torsbu - Pyttbua
Regn, regn, regn, skodde og dårleg sikt. Kort etappe denne dagen, men det var meininga å nytte ettermiddagen til topptur. Første halvanna timen på austsida av Tordsvatnet, lite spanande, men det vert alltid slike parti på ein langtur. Me tok ein tvangspause i skitveret i nordenden av vatnet, veldig viktig med væskebalanse og nok mat (seier han som slurvar mest med akkurat det i heile det langstrakte kongeriket). Her måtte me òg gjere eit vegval. Den naturlege stien gjekk rett fram mot Pyttbua, medan det var nymerka vestover mot stien mellom Veltdalshytta og Pyttbua. Me valde å gå den nymerka, sjølv om det nok ville vere noko lengre å gå.

Dårleg sti første kilometeren, men då me kom inn på autostradaen mellom Veltdalen og Pyttbyudalen vart det straks betre. Mykje ur og stein ned mot Pyttbua, men høvesvis ok å ta seg fram. Ikkje så sleipt som eg frykta i skitveret. Pyttegga og Karitinden var godt gøymde i skodda så ettermiddagsturen var det berre å skyte ei kvit pil etter. Pyttegga er høgste toppen på Sunnmøre med sine 1999 høgdemeter. Manglar visst berre nokre desimeter på å nå opp til dei magiske 2000. På Pyttbua vart det passe folksamt, og litt yatzy. Var også så heldig å oppleve kva som skjer når vinden slår ned i pipa. Etter eit par timar var me alle godt innrøykte... Grekaren dukka også opp sånn ut på kvelden, var nok ein luring for dermed unngjekk han røyken. Tidsbruk: 3,5 timar. Høgdemeter: Opp 200, ned 380.

22. august: Pyttbua - Reindalsseter
Tilnærma katastrofever til å vere august. Nysnøen låg rett over hytta og det regna tett. Første timen langs vatna i Nørdre Botnen gjekk greitt, men det var sleipt. Deretter gjekk det bratt og glatt opp mot Pyttskavlen. Til tider tett snødrev og vind rett i fleisen, men taua som var lagt ut gjorde det lett å ta seg opp. Var ikkje mykje att av skavlen heller forresten. Hadde gleda meg til ein liten bretur, men det vart med håpet. Over bandet vart kompasset brukt til å kontrollere kursen, greitt å vere sikker i slikt ver. Vel nede på vestsida etter kravling i stor ur vart det tid ein liten rast før me gjekk veldig kjapt nedover Øvre Reindalen.

Fekk av ein eller annan grunn vanvittig vondt i det eine kneet dei siste par timane, men sakka ikkje på farten av den grunn (er nok litt tett i toppen, 2+2 blir fort tre). Lett uttøying av kneet kvart tjuende minutt vart resepten istadenfor å slakke av på tempoet... Siste halvtimen vart det veldig mykje myr og vått, men også veldig grønt og fin utsikt mot Reindalen. Gjorde utruleg godt å kome seg ned til Reindalsseter og få seg ein dusj og tørre klede. Det var elles lite folk her, nokså naturleg ein søndagskveld seint i august. Tidsbruk: 4 timar. Høgdemeter: Opp 360, ned 800.

23. august: Reindalsseter - Veltdalshytta
Endeleg ein kjempedag i fjellet. Bittelitt yr i eit kvarter, men elles heilt topp ver å gå i. Byrja med ein liten tur bortom ei 1000 år gamal furu i Reindalen før me gjekk oppover mot Nedre Veltdalen. Her var det heilt nydeleg. Bratt, vått, nysnø og grønt i ei herleg blanding. Tok oss veldig god tid oppover. Stien var verdt turen i seg sjølv der den stundom klamra seg fast på smale hyller høgt over dalbotnen. Mobilen funka faktisk oppi her også, greitt dèt sidan eg måtte ordne noko transport for den påfølgjande dagen.

Terrenget endra karakter då me kom opp til Smettevatnet, frå det smale og tette til det vide og opne. Tordsnose vart eit fint fotoobjekt på sørvestsida. Vel framme på Veltdalshytta vart det god tid til ein tur bortom Fieldfarehytta. Dette er ei hytte som vart nytta av norske motstandsmenn siste året av 2. verdskrigen. Hytta er veldig godt gøymt under ein berghamar ved eit vatn. Hadde håpa på ein tur på Karitinden denne ettermiddagen, men kneet skrangla framleis frå opplevinga dagen i førvegen. Tidsbruk: 6 timar. Høgdemeter: Opp 460.

24. august: Veltdalshytta - Billingen
Siste dagen for denne gongen og det vart ein fin dag. Tempoet var sånn litt kjapt, men slik blir det ofte når ein skal heimatt. Me prøvde å finne vår eigen veg langs Heimste Veltdalsvatnet, men konkluderte fort at det luraste var å følgje stien. Hadde ein fin pust i bakken rett før Kupevatnet med godt utsyn til Veltdalen. Vel forbi Kupevatnet gjekk det berre nedover. Kom etterkvart inn på stien me hadde kome opp første dagen og det var flott å spasere på det fine underlaget.

Sjarmøretappen ned til Billingen gjekk glitrande og me var veldig nøgde då me tok på heimveg etter ein herleg tur. Feira årets langtur med brus og is på Bismo før Sognefjellet venta. Tidsbruk: 5 timar. Høgdemeter: Opp 120, ned 460.

Kart: 1319 II - Tordsvatnet og 1319 III - Tafjord



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Framover Torddalen mot Nausthornet (1895 moh)
Nausthornet
Heimover Torddalen ved elvemøte Tverråi og Torda
Ved Tordsvatnet (1336 moh)
Inne i denne skoddeheimen er Pyttegga (1999 moh)
Utsyn mot Nørdre Botnvatnet (1176 moh). Pytteggenden i venstre biletkant (1511 moh)
Karitinden (1982 moh)
Utsyn i snødrevet mot Nørdre Botnvatnet frå Pyttskavlen (eller det som var att av den)
Ved Heimste Isholvatnet (1349 moh)
Mot Nedre Veltdalen frå knausen over Reindalsseter
Reindalsseter, ÅST-hytta er på venstre side av elva
Eit freda furutre, alder: om lag 1000 år(!)
Nausthornet
Tverrelva lagar eit fint vassfall
... og Nausthornet atter ein gong
Reindalen
Framover Nedre Veltdalen frå Glupen
Nedre Veltdalen
... og Nedre Veltdalen
Pent ver, luftig natur, mange bekkar og litt nysnø på toppane, dæven for ein fin dag i fjellet:-)
Heimover Nedre Veltdalen mot Glupen og Reindalen
Ved vatn 1094
Nausthornet
Tordsnose (1975 moh) og Torsbreen
Tordsnose
Fieldfarehytta
Inventar i Fieldfarehytta
Hytta er godt gøymt i terrenget
Heimover Torddalen, Tordskyrkja (1513 moh) til venstre
Flatt parti ved Torda
På veg ned til Billingen