steinsland - åsedalen - solrenningen - steinsland
31. januar - 3. februar 2003

Vinteren var komen og det var tid for skitur og for ein tur det vart. Stølsheimen var destinasjonen. Det heile byrja tidleg ein fredag med avreise frå Bergen i T. sin gamle japsebil. Me køyrde fram Stølsdalen så langt som råd og kasta frå oss sekkane, for så å køyre attende til Steinsland og parkere bilen der. Me torde ikkje å parkere i Stølsdalen då denne vegen her ikkje vert brøytt vinterstid. Sekkane vart plukka opp etter vel ein time og Stølsvatnet var kjapt nådd. Føret var greitt og veret likeeins. Litt kronglete var det langs vatnet, men oppover dalen til Hallsetvatnet gjekk det veldig fint. Me kjende vel båe at det var årets fyrste langtur så det var godt å kome fram til Åsedalen vel utpå ettermiddagen. Innandørs var det ni minusgrader, ikkje overraskande sidan det var ni minus utandørs. Det hadde elles ikkje vore folk i hytta på over tre månader. Ein fin kveld vart det no likevel, sjølv om mus hadde vore bortpå mykje av maten i proviantlageret og me måtte nøye oss med djupfrosen hermetikk. Veret var heller ruskete utetter kvelden, på radioen høyrde me blant anna at det var kolonnekøyring på Vikafjellet (som ligg ei dryg mil aust for Åsedalen).

Det bles ein del då me var klare for avgang laurdagen, men det var god sikt. Då veret var ustabilt fann me det tryggast å gå nedatt dalen og så Vøvringevatnet til Solrenningen, istadenfor å gå over fjellet. Det hadde kome rundt 30 cm med nysnø, noko som gjorde det tungt å gå. Då eg i tillegg hadde fått meg ein smell i eit lår dagen før vart det ein tung dag for T. som måtte brøyte det meste av vegen. Heldigvis var det opphald det meste av dagen og ikkje alt for langt. Dette gjorde at me kunne ta bra med pausar og nyte utsynet. Vel framme på Solrenningen kunne me konstatere at heller ikkje her hadde det vore folk på over eit kvart år. T. måtte ta seg ein tur på taket for å leike feiar då snøen hadde lagt seg over pipa. Eit anna problem var at vedstikkene ikkje heilt passa til omnen...

Om laurdagen var litt tung, finnst det vel ikkje ord for kva søndagen vart. For å seie det med ein gong, me brukte over 15 timar på 12 kilometer! Det hadde kome nye 30 cm med snø, noko som gjorde det ufatteleg tungt å gå. Me skjøna kva veg det bar då me konstaterte at me hadde brukt to timar til Steinslandsstølen, ein strekning på dryge tre kilometer, det meste på islagt vatn. Deretter brukte me smått utrulege fem timar på dei tre kilometrane i skråningen over Stølsvatnet (som er kraftig regulert og isen alt anna enn trygg å gå på). Då vatnet var passert trudde me at det skulle gå betre. Rett nok byrja mørkret å senke seg, men det som stod att var jo seks kilometer på ubrøytt veg ned til bilen. Denne siste etappen byrja med at batteriet eg sette i lykta kvelden før tok kvelden, eg skal ikkje seie kva merke det var, men heretter vert det berre Duracell på meg. Vegen vart òg vanskeleg å følgje då vind og snø slo til rett under dammen. Kompasset viste oss heldigvis at me var på rett veg, men kjapt gjekk det ikkje. Etter eit par kilometer var me i dalbotnen, vinden og snøen hadde forsvunne, så då var det berre å ta tida til hjelp. For framleis var det femti-seksti cm djup snø på vegen.

Langt om lenge kom me fram til bilen, klokka var godt over midnatt og eg har vel aldri vore så glad for å kome ned att etter ein tur. Låret som var litt vondt på fredag og veldig vondt laurdag, var knapt brukande til anna enn å stå på og resten av kroppen hadde det ikkje så godt den heller. Diverre var ikkje strevet over, for parkeringa me tok så lett på fredagen vart ei ny utfordring. Det var ein halvmeter med nysnø der bilen var parkert og nokre meter til vegen (og sjølvsagt ingen spade, redningsutstyret i sekken denne gongen var vindsekk fordi eg hadde gløymt å låne spade). Etter nærare tre timar med febrilske freistnader laut me gje opp og tok fram soveposane. På morgonkvisten kom heldigvis BKK oss til unnsetnad og ei erfaring rikare (litt snø i vermeldinga til Storm betyr masse snø i Stølsheimen) reiste me attende til Bergen (det er forresten ikkje sikkert at me hadde kome oss ut av bygda sjølv om me hadde parkert meir fornuftig. Vegen til Modalen frå Steinsland vart nemleg ikkje brøytt denne natta og det var mykje nysnø).

Det vart i ettertid konstatert strekt muskelfeste i lysken, noko som heldt meg innandørs i to månader.

Kart: 1216 I - Eksingadalen og 1217 II - Høyanger. Turkart Stølsheimen - Nærøyfjorden 1:100.000 kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Bergen Turlag si hytte i Åsedalen
Stordalen mellom Hallsetvatnet og Stølsvatnet
På veg over øvre Berdalsvatnet
Utsyn frå nedre Berdalsvatnet mot Sørdalsrinden (991 moh)
Vinterlandskap mellom Berdalen og Stølsvatnet
Stølsvatnet
Steinslandsstølen
Feiaren måtte i aksjon på Solrenningen
Solrenningane (støl for Ortnevik)