steinsland - solrenningen - norddalen - ortnevik 22.-24. september 2001

Dette var min fyrste tur i Stølsheimen. Tre dagar hadde eg til rådvelde og dei skulle utnyttast best og mest mogleg. Etter nokre timar med tog og buss var eg framme på Steinsland i Modalen. Herifrå vart det eit par timar hovudsakleg på veg før eg kom opp til Stølsvatnet som var eit fælt syn. Sjeldan har eg sett eit så nedtappa vatn. Ingen grunn til å stogge langsmed dette vatnet altså og det var ikkje så langt att til Solrenningen etter det. Berre ein nydeleg time på mykje myr etter Steinslandsstølen. På Solrenningen vart det etterkvart folksamt, men det var berre kjekt i dei mørke kveldstimane.

Det vert sagt at turen mellom Solrenningen og Norddalen er praktfull berre du har veret på di side. Veret var så absolutt bra denne dagen og utsynet var glimrande i alle himmelretningane. Kva eg spesifikt såg er eg ikkje heilt sikker på, men flott var det. Den vestlege delen av Stølsheimen er prega av stein, bratte skrentar og små og store vatn. Dette gjer det litt tyngre enn vanleg å gå, men så lenge veret er topp er det jo uvesentleg. Storefonna var noko skummel, sprekkene var ikkje å leika med, men trøysta var at smeltinga hadde gjort dei synlege.

Siste dagen vart ein einaste lang sjarmøretappe ned til Ortnevik. Berre eit par små stigningar i løpet av dei fyrste to timane, deretter var det ned, ned, ned. Eg presterte rett nok å gå feil ein stad, men måtte innrømme for meg sjølv at T-merkinga nok var korrekt (eg feila litt i kartlesinga, ooops). Utsynet som etterkvart openberra seg mot Sognefjorden var berre fantastisk. Tid hadde eg slik passeleg av, siste ferja frå Ortnevik gjekk vel om lag kl 17, men eg sikta meg inn på avgangen før då eg ville returnere til Bergen i høveleg tid. I Ortnevik var det herleg stilt og fredeleg og ein liten nærbutikk som hadde litt brus og snop. Og så var det ferje og buss og Bergen i det fjerne.

Kart: 1216 I - Eksingadalen og 1217 II - Høyanger. Turkart Stølsheimen - Nærøyfjorden 1:100.000 kan òg nyttast



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Haust ved Solrenningsvatnet
Solrenningane
Solrenningshytten
Vøvringadalen
Denne snøfonna hadde smelta mykje i år og sprekkene var ikkje akkurat små. Fotruta går opp midt på fonna
Eit nydeleg lite vatn mellom Storefonnosen og Åsabotnvotni
Sørover mot Åsabotnvotni frå Åsabotnen
Norddalshytten
Området ved Norddalshytten
Randalen
Dette terrenget er typisk for denne delen av Stølsheimen, mange bratte skrentar og små vatn
Vanvittig flott utsyn mot Ortnevik og Sognefjorden
Måren, ei veglaus bygd på nordsida av Sognefjorden