storholten 5. juni 2005

Det var på tide å prøve på ein topptur til fots og me hadde sett oss ut ein fin topp som låg solvendt til. Start var ved ferjekaia på Hella, slik om lag 2 moh. Stien var grei å finne bak næraste bustadhus og det bar oppover i skya, men greitt ver. Sola gløtta fram nokre stader kunne me sjå.

Det var jamn stigning, noko som var velkome sidan det var leeenge sidan eg hadde gått tusen høgdemeter til fots. Rett nok somme brattare parti, men det er vanskeleg å unngå det på Vestlandet. Utsynet betra seg jamt jo lengre opp me kom og frå Skardet var det ypparleg å skode frå Bleia i aust til Arnafjorden i aust. Veldig kjekt å sjå det vide fjordbassenget ovanfrå.

På Rudsstølen møtte me dei første snøfennene for dagen. Det vart mykje snø mot toppen, men heldigvis var den fin og fast å gå på. Me var nummer tre og fire som skreiv oss inn i toppboka for året. Brukbart det. Det var litt småsur vind på toppen, så mat- og fotostoggen vart ikkje så lang som den kunne blitt.

Det vart no likevel tid til å nyte fjella rundt Esefjorden og Sværefjorden og drøyme om ein tur eller tolv. Menesegga som har vore ein draum i lang tid vart også nøye kartlagt. Noko overraskande kunne me i retning Fjærland sjå Supphellenipa og breane i forkant av toppen.

Nedover fekk me prøve den positive sida av at det framleis låg snø i fjellet. Alltid artig å springe og skreie litt på snøen. Så var det ein time ned gjennom skogen og me var på Hella att. Det var verkeleg godt å kome i gang med sommarsesongen, men får no tru at skisesongen ikkje heilt er over enno.

Kart: 1317 II - Leikanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sværefjorden omkransa av Johannesberg (1448 moh) og Vassdalsnipa (1430 moh)
Balestrand og Tjugum. Dei mest dominerande fjella er Munkeggi (1317 moh) og Vindreken (1259 moh)
Geitaryggen
Supphellebreen og Flatbreen. Heilt bakerst Supphellenipa (1731 moh)
Utsyn mot fjordbassenget. Vangsnes nede til venstre, Vik rett fram og Målsnes til høgre i biletet
Balestrand og Esefjella
Sværefjorden og Sværadalen
Stølen Skardet med utsyn innover Sognefjorden
Vangsnes
Vindreken