nuken 23. oktober 2005

Ein fin vandringstur på nokre timar i nysnøen ein søndag i oktober. Turen gjekk langs stølsvegen opp til Hølsete, deretter prøvde me så godt som råd var å følgje merkinga som viste stien nordaustover mot Hafslo. Dette gjekk greitt, spesielt då det vart spor å gå etter. Dette viste seg å vere spor etter ein hjortejeger som ikkje var overbegeistra for at me gjekk ein søndagstur i området...

Vidare oppover langs Nukeggane var det brukbart med snø, men det vart ikkje alt for mange fallgruber. Utsynet på toppen var superb, der eg sjølvsagt var mest nøgd med utsynet innover mot Molden og Hurrungane. Ned gjekk me strake vegen gjennom skog og kratt til Hølsete og uroa nok ein hjortejeger. Høyrde ingen skot dei timane me var i fjellet, så me var heilt sikkert ikkje veldig populære blant jegerane denne dagen. Siste biten gjekk på stølsvegen ned til Åberge og bilen og var ein fin slutt på ein flott utsynstur.

Kart: 1417 III - Sogndal og 1417 IV - Solvorn



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ølnes og Barsnesfjorden
Molden (1118 moh)
Barsnes og Barsnesfjorden
Mot Molden og Lustrafjorden
Halsavatnet (820 moh) og Vetlavatnet (841 moh)
Storehaug med gardsbruket Fevoll i framgrunnen av biletet. Krokadalen er i skuggelandet bak, medan Hurrungane er øvst i biletet
Mot Bleia (1717 moh)
Hurrungane