nuken 21.-22. april 2006

Tykte eg burde kome meg til fjells, men hadde lite lyst på langtur sidan vermeldinga for sundag var noko usikker. Tenkte lenge på nattskitur frå Finse til Vatnahalsen, men feiga ut og tok ein tur i nærområdet. Eg hadde ikkje vore på Nuken vinterstid før, så eg tenkte at klårt ver måtte gje både flott solnedgang og soloppgang. Spesielt i tankane var å få nokre brukbare bilete av Hurrungane som ein ser lett frå toppen.

Turen opp vart noko tung, mykje oppover og varierande gjennomslagsføre. Fekk ei stor overrasking då det dukka opp to andre på toppen då eg hadde hundre meter att. Det viste seg å vere to studentar som også hadde planar om å få med seg soloppgang over Hurrungane. Dei sette forresten opp telt i tilfelle veret ikkje vart som venta og dei måtte krype inn i løpet av natta. Natta vart noko kaldare enn rekna med og dårleg glidelås og påtrengande dovitjing vart nesten skjebnesvangert...

Soloppgangen vart delvis nytt med hovudet over soveposen og delvis sovande. Det vart no eit par brukande bilete vil eg påstå. Så var det å leggje seg igjen og klokka vart over 11 før eg krabba ut or posen. Studentane skulle bli ein dag til i fjellet og etter å ha teke farvel bar det høvesvis kjapt ned til Hølsete der eg tok av skia rett etter brua. Det var ikkje den heilt store dagen for nedoverrenning på ski, flatt lys og skareføre var smått ubehageleg... Så var det berre å spasere heim og hente fram bileta på dataen.

Kart: 1417 III - Sogndal og 1417 IV - Solvorn



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sola er på veg ned, men sender framleis nokre varmande strålar mot fjellet
Hurrungane rett før solnedgang
Kveld ved Sogndalsfjorden
Telt med toppvarden på Nuken i bakgrunnen
Soveplassen med eit nydeleg utsyn
Sola er på veg opp i aust
Det går mot dag i Hurrungane