njøs - slinde 20. mai 2006

Det skulle eigentleg vere ein tur med start og slutt på Njøs på Hermansverk, men me hamna no til slutt på Slinde. Det byrja med god, men bratt sti opp til Bjørgahaug og noko slakare terreng vidare til Hangsete. Her traff me folk for første og siste gong på turen. Ned til Fatlaelvi fann me eit lite trakk som sjølvsagt vart nytta. Elva var nok større enn vanleg, men ein stor stein låg fint til for eit hopp ned på andre sida. Vidare opp til Kråkesete gjekk det kjapt og me fann stien og merkinga mot Slinde bak det øvste selet.

Me hadde tenkt oss opp på Vokefjell straks me var under høgspentlinja, men då me ikkje heilt fann ein god veg opp frå sør vart det til at me gjekk vidare mot Slinde. Stien nedover var delvis attgrodd og merkinga særs variabel. Me hadde god tid, men det var smått frustrerande med dårleg sti og merking. Då me i tillegg innsåg at den merka stien ikkje gjekk ned til ytre Slinde, men til indre Slinde var det mindre kjekt. Spesielt for han som hadde meldt seg for å gå attende til Hermansverk og hente bilen. Likevel, det var no alt i alt ein fin tur som tok knappe tre timar.

Kart: 1317 II - Leikanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Kråkesete med Storahaug (818 moh) i bakgrunnen
Framover Hangsetedalen
Utsyn vestover Sognefjorden mot Feios og Leikanger frå toppen av Fatlaberget
Utsyn sørover mot Fresvik
Fresvik, med Nonhaugfjellet (1459 moh) og Breidskreda i bakgrunnen
Frå indre Slinde mot Fimreite