kongshaug 11. juni 2006

Nok ein gong denne våren var det tid for søndagstur i lokal natur. Denne gongen fall valet på Kongshaug, ein fin motbakke opp frå ferjekaien på Vangsnes. Bilen vart ståande på Hella før ferja vart borda og me kryssa fjorden. Vegen vidare var grei å finne oppover. Me sikta på kyrkja og så til venstre for denne. Merkinga var brukandes, iallfall god nok for ein med eit 1:100.000 kart som mangla sti og skogsveg både her og der.

Veret var særs godt der me vandra oppover, heldigvis tok skogen det meste av trykket frå sola. Ein skogsveg vart kryssa nokre gonger før det var berre sti og skog å sjå. På vel 500 moh helste me på ein bekk som viste seg å kome frå eit flott vatn, Høgretjørni. Her var det òg ei turbok for dei lokale travarane. Herifrå vart det litt slakare stigning mot snaufjellet.

Eit stidele vart passert og me kom opp på eit nydeleg stølsplatå med mange småvatn. Me gjekk rimeleg kjapt bort frå stien mot Kallbakk og sikta oss inn på nordryggen til Kongshaug. Det var noko lengre og tyngre enn me rekna med, men ved å ta tida til hjelp kom me opp. Utsynet var fantastisk med Sognefjorden og fjordarmar i vest og nord, medan Skriki og Hurrungane dominerte i aust. Også fjella rundt Esebotnen og Sværefjorden gjorde mykje av seg.

Elles var det kjekt å sjå eit uvanleg stølsområde for Vestlandet å vere. Spreidd busetnad, mange småvatn og store flater gjorde utsynet og pausen enno meir interessant. Heimvegen gjekk kjapt og greitt, møtte faktisk to vandrarar ved Høgretjørni, men elles var det heller tynt med andre i fjellet denne dagen. Me såg rett nok tre-fire andre, men i dette veret burde fleire kjent vitjingstida si.

Litt omveg i høve oppturen vart det nedst i skogen grunna ivrig T-leitar, men Vangsnes er ikkje større enn at me fann vegen til kyrkja og Fridtjof`en. I valet mellom ferje eller klatring på Fridtjof, vann ferja, difor er det ingen bilete av Fridtjof med folk i framgrunnen som såleis ville synt kor høg gubben eigentleg er. Men, flott tur i nydeleg ver (kjende grillukta frå nakken siste timen). Samla tidsbruk frå kai til kai vart fire og ein halv time.

Kart: 1317 II - Leikanger



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sikkert kjekt å hoppe rundt i gjørma;-)
Målsnes og Saurdalen
Kongsvatnet (662 moh) og det langt mindre Uksavatnet (661 moh), med Bødalen (Vik) i bakgrunnen
Utsyn utover Sognefjorden
Stølen Kallbakk med Skriki (1232 moh) i bakgrunnen. Hurrungane kan skimtast til venstre for Veten. Storehogen (1169 moh) heilt til høgre i biletet
Hurrungane
Kallbakk med Skrik, Hurrungane og Storehogen i bakgrunnen. Vidasethovden (1227 moh) heilt til høgre i biletet
Utsyn mot Balestrand, Tjugum og Vetlefjorden
Ved Husatjerni (714 moh), med Kongshaug (857 moh) i bakgrunnen
Stidele i skogen
Utsyn mot Vangsnes og fjorden
Ved Fridtjofparken med utsyn mot fjorden
Fridtjof. 10,5 meter høg, med ein sokkel på 12 meter