gygrekjeften 18. juni 2004

Det vart litt sein start denne dagen, men kva gjorde vel det så lenge veret var praktfullt. Gygrekjeften var kveldens mål, eit mål som er lett synleg i den ytre delen av Sognefjorden.

Det byrja med litt traktorveg før me etter klyving av ei stengt grind kom på raudmerka sti (meir om merkinga seinare...). Det gjekk sakte, men sikkert oppover i terrenget inn til stidele drygt 300 moh. Nipestien er det klart kjappaste, men også klart brattaste alternativet. Eg hadde eigentleg tenkt meg opp Nipestien, men eit oppslag om at boltar og tau ikkje var sjekka for året, fekk meg til å endre standpunkt. Raudmerkinga vart dermed følgt bortover skråninga før det gjekk bratt opp i eit skar over Lundeland. Vidare gjekk det i litt smårotete terreng ned til nokre hytter ved nokre småvatn. Her var det eit større stidele med moglegheit for å gå i dei fleste retningane.

Me sette sekkene frå oss her i trua på at turen bortom Gygrekjeften var kjapp og grei. Terrenget viste seg å vere av typen litt bort, litt ned, litt opp, litt ned osv, men det gjekk på eit vis. Det kunne elles virke som stien var håplaust lagt i forhold til det som kunne sjå ut som raskaste veg til topps, men det er sikkert ein grunn til dette også. Det vart dermed litt strev før me stod på toppen og kunne nyte utsynet ned mot Sognefjorden. Me kunne også sjå at Blægja og Kvamshesten framleis var prega av snøen frå sist vinter og at ein tur dit ikkje burde skje påfølgjande dag. I nordvest kunne me sjå Alden, eit fjell eg har veldig lyst å stikke oppom. Eg hadde eit lite forsøk på å klyve til topps på ein liten knaus rett ved toppen, men ga opp då det vart litt for bratt og luftig (det var ein varde på toppen så nokon har vore der...).

Kvelden og turen var ikkje over då me tok ein matpause ved hyttene der me hadde lagt att sekkene, så kursen vart sett mot Risnesnipa som er den høgste toppen på halvøya. Terrenget vart no veldig tungt, med relativt stor tidsbruk på korte distansar. Ein del småvatn, mindre gjel og kollar gjorde det kjipt, sjølv i godveret. Me prøvde så godt me kunne å følgje merkinga, som no var gul og blå(!), etter å ha vore blå ei lita stund, men gjekk lei og sette kursen heimover. Merkinga som var gul og blå gjekk visst ned til Hovland, noko som såg veldig bratt ut, både på kartet og visuelt. På veg over Fløfjellet fekk me eit nydeleg utsyn nordvestover der sola byrja å gå ned.

Då me kom ned til bilen hadde me brukt fem og ein halv time og fredag hadde blitt laurdag.

Kart: 1117 II - Risnesøyna



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Sågneskollen (516 moh)
Nipestien går opp her...
Den merka ruta går opp litt til venstre i biletet
Blægja (1304 moh) og Kvamshesten (1209 moh)
Nordover mot Ramsgrønova (590 moh)
Gygrekjeften (710 moh)
Risnesnipa (776 moh)
Sola på veg ned i nord
Risnesnipa og Gygrekjeften by night