byttejuvet 24. juni 2006

Veret var ikkje det beste med tanke på at me vitja ein utsynstopp, men utbytet vart meir enn brukbart. Bilen vart parkert nedanfor Strupane, før me vandra oppover. Først nokre hundre meter på grusveg, før det gjekk over i sti. Stidelet mot Skor var tydeleg merka og det vart straks bratt. Stien her var smal, men heilt uråd å miste opp til stølen. Frå Skor vart stien noko uklår somme stader før me nådde snaufjellet og stien vart forleten. Det gjorde godt å vandre i høgfjellsterreng att, nokre månader sidan sist med fjellsko på føtne på slikt underlag.

Det gjekk overraskande fort til topps, 78 minutt etter att bildøra vart låst stod me på toppen. Eit kjapt klesskift seinare gjekk turen eit par hundre meter austover og utsynet mot Årdalsvatnet og Øvre Årdal opna seg som fot i hose. Men langt ned til vatnet var det. Og det var særs lite fristande å sjekke kor mykje snøskavlen på kanten kunne tole. Flott var òg utsynet mot stølane på austsida av Årdalsvatnet. Diverre låg toppane over stølane i skyheimen, til liks med Hurrungane, Smørstabbtindane og resten av toppane me elles kunne sett.

Litt drikke (og mat for Stig sin del) vart konsumert før me tusla ned att. Roleg tempo medan me tok fjella på halvøya mellom Luster og Årdal nærare i augesyn. Ikkje vanskeleg å konstatere at eg har mykje ugjort i det fjellområdet òg. Vel nede gjorde eg for andre gong (sjekk turen til Bolsetnipa 5. november i fjor) megatabben med å gløyme at kameraet låg på biltaket då me starta heimturen. Heldiggris som eg er dukka det opp etter 20 minutt med småpanisk leiting i attgrodde veggrøfter. Inngjekk etterpå avtale med Stig om straffebetaling for kvar gong eg legg noko på taket...

Kart: 1417 I - Lustrafjorden



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Skilting ved stidelet i Strupane
Stølane på austsida av Årdalsvatnet, med Eldegard til venstre i biletet som den mest tydlege. Løst kan sjåast på flata over vassfallet midt i biletet. Dei to dominerande fjellmassiva som er delvis skylagt midt i biletet er høvesvis Berdalseken (1814 moh) og Raudbergsnuten (1805 moh). Dalen mellom dei er Fossdalen
Årdalsvatnet (3 moh), Øvre Årdal og Utladalen
Utsyn mot den austlege delen av Utladalen. Hjelledalstinden (1989 moh) stikk så vidt under/gjennom skyene litt til høgre i biletet
Toppvarden på Byttejuvet med Hjelledalstinden i bakgrunnen
Utsyn vestover med Reinspelnosi (1394 moh) til høgre i biletet
Horgi (1120 moh, pannekakefjellet midt i biletet)
Skor, med stølen Kletta i bakgrunnen
Strupane, med stølen Sjursete midt i biletet
Store Austanbotntinden (2204 moh) i det fjerne
Kletta