suletinden 25. september 2004

Hadde ikkje vore til fjells på nokre veker så det var på tide å kome seg ut. Valet fall til slutt på Suletinden, sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for at det skulle vere ein skitopp. Byrja på Nystova og fekk ein fin start med litt myrtrakking. Masse fine haustfargar å nyte i terrenget. Så kom nokre hundre høgdemeter på god sti og deretter småkupert bort til Sulebu. Kjende på pusten at det var fire veker sidan sist, så det gjorde godt med ein pause i hytteveggen. Toppen av Suletinden låg no skjult i skyene, men det var berre å håpe at det endra seg.

Langs Sulevatnet angra eg ein smule på at eg ikkje venta til vinteren med å gå turen, dette var nemleg definitivt skiterreng. Oppover mot toppen gjekk det frykteleg tungt. Måtte ta mange pausar og betre vart det ikkje då eg kom opp i nysnøen. På toppen fekk eg akkurat eit glimt av utsynet mot Filefjell før skyene senka seg. Sat likevel ved varden ei stund og gøymde meg for vinden, håpa i det lengste på litt meir utsyn og nokre bilete.

Ga opp etter ein halvtime og rusla nedover ura. Sklei nokre gonger på snøen/isen, men slapp unna med litt høg puls. På veg ned mot Sulevatnet angra eg endå meir på at eg ikkje venta til vinteren og det vart ein tung tur bort til Sulebu. Etter ein lang motivasjonspause her (les: sjokolade, saft og meir sjokolade) vart det ein fin tur ned til Nystova. Tidsbruk: 7,5 timar. Høgdemeter: Opp og ned 960.

Kart: 1517 II - Øye



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Haust ved Otrøvatnet
Ved Sulebu
Suletinden (1780 moh)
Toppvarden på Suletinden
Utsyn nordaustover mot austlege deler av Jotunheimen
Bleia (1821 moh)
Øvre Sulevatnet med skydekte Jotunheimtoppar i bakgrunnen
Suletinden med Suleskaret til venstre
Suletinden, no utan skodde på toppen