kyrkjestølen - sulebu - eldrevatnet 1.-2. mai 2004

Då eg hadde vore sjuk nokre dagar var det ikkje tida for dei store sprella, men ein tur frå Kyrkjestølen på Filefjellet til Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet var innan rekkjevidde.

Sola skein frå blank himmel då eg tok meg opp skråninga frå Kyrkjestølen. Snøen vart våt etterkvart, men utsynet vegde meir enn opp for dette. Hurrungane og sørvest-Jotunheimen viste seg frå si beste side. Majesteten i området var no likevel Suletinden (1780). Etter nokre timar med roleg gange var eg framme ved Sulebu, der det vart overnatting til sundag.

Veret hadde slått om og det bles og snøa sundagsmorgonen. Dette gjorde det surt over Suleskaret, men deretter var terrenget lett og jammen kom ikkje sola fram òg før eg kom til Eldrevatnet.

Kart: 1517 II - Øye



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Framleis skiføre ved Kyrkjestølen
Suletinden (1780 moh)
Berdalseken (1814 moh)
Hurrungane, med Store Skagastølstinden (2403 moh) som den høgste
Vestlege deler av Hurrungane, Store Austanbotntinden (2204 moh) til venstre
Sulebu
Suletinden
Frå Suleskaret mot øvre Sulevatnet (1318 moh) og Filefjell
På veg ned til Hemsedalsfjellet