strandavatnet - iungsdalshytta - bjøberg 21.-22. juli 2006

Fredag 21. juli: Strandavatnet - Iungsdalshytta
Turen byrja med dagens lengste motbakke, så sveitten kom fort i det alt for fine godveret. Opp frå vegen til bandet mot Flyan var det nesten 400 høgdemeter, og det merkast. Då var det godt å gå åleine og kunne ta dei pausane det definitivt var behov for. Både sveitten og solkremen rann i større og mindre straumar. Utsynet mot Strandavatnet og Hallingskarvet var òg ein meir enn god nok grunn til pause. Kjekt å mimre om skituren over Skarvet i juni 2003.

Ruta vidare såg grei ut no, knapt småkupert før ein god bakke opp Grevskardet. Turkartet ymta noko om vading av eit par elver, men snøsmeltinga var over, så det gjekk veldig greitt å steingå begge elvene. Rett før kryssinga av Stolsåni var det i tillegg lagt ut 60-70 meter med klopp over ei myr. No hadde eg også eit flott utsyn mot Djup, eit utsyn som vart enda betre frå Grevskardet. Og godt var det, for der merka eg tydeleg at formen ikkje var på fjorårsnivå.

Ned frå Grevskardet vart det tungt. Sola steikte og det var mykje stein å trakke på. Heldigvis kan ein ta så mange pausar ein vil når ein går åleine. Og i pausane (og medan eg gjekk for den saks skuld) kunne eg jo nyte utsynet mot hytta, Djup, Fødalen og toppane rundt. Ned kom eg til slutt (ikkje uvanleg) og på hytta var det passe med overnattande.

Laurdag 22. juli: Iungsdalshytta - Bjøberg
Framleis meir enn fint ver då eg traska avgarde frå Iungsdalshytta etter eit kjekt opphald. Klokka var over ni då eg byrja dagsetappen mot Bjøberg på Hemsedalsfjellet, men eg rekna no med at eg hadde brukbart med tid. Bussen eg skulle nå hadde avgang rundt kl 20, og DNT påstår at normal gangtid er 8 timar.

Fossebrekka vart kryssa på heilårsbru, deretter var det god sti bort til Tovika. Siste biten inn til Tovika var det flott utsyn austover mot Djupsstølen. Frå Tovika vart det halvannan kilometer på veg til Djupsstølen der eg tok opp langs vestsida av Storegrove. Stort sett god sti, men heller dårleg merka. Utsynet var meget bra då eg tok ein pause øvst i bakken. Eit flott fotomotiv var det òg, med stølen og vatnet, og Hallingskarvet i bakgrunnen.

Vidare mot Skålen vart det fort flatare då eg kom nord for Fjellanbergi. Stadvis var det tungt å gå, sidan det stort sett ikkje var sti som kunne følgjast på det rotete underlaget. Merkinga var brukbar, det vil seie at vardinga var iallfall brukbar. Likevel gjekk det høvesvis seint i eit nydeleg landskap i godveret. Heldigvis hadde den blå himmelen gått over til å bli delvis skya, noko som var ein føremon sidan det er mykje styr å drikke mykje vatn heile tida.

Nedover til Skålen, som ligg utruleg fint til ved Skålakjeften, gjekk det nokonlunde greitt å ta seg fram, men det var noko snirklete sidan det var ein del kratt. På kloppen over elva vart det tid til dagens matpause, medan eg fastslo at Thon og DNT har eit poeng når dei vil ha ei hytte i området. Det er eit utmerka turterreng, men eg veit ikkje om området har bruk for ei DNT-hytte sidan det garantert vil auke trafikken vesentleg. Kan vere at me må ha slike perler som ligg litt utanfor allfarveg.

Då var eg halvveges denne dagen, slik nokonlunde iallfall målt etter turlengd. Med pausen hadde eg brukt 4,5 timar, så bussen var framleis godt innanfor rekkevidda. Skålakjeften var ein liten idyll der elva snodde seg nedover med stupbratte fjell på begge sider. Så var det dags for den andre seriøse motbakken for dagen. Merkinga var heller dårleg og stien likeeins, men det var umogleg å gå feil i godveret. Iallfall med kart som sa at eg skulle oppover mot Hestebotnen og ikkje utover mot Gyrinosvatnet...

Dei første hundre høgdemetrane var dei brattaste av stigninga og var tunge der eg tok meg opp langs eit sauetrakk. Oppe i Hestebotnen forsvann både trakk og varding, men eg kom meg no lett over elva. Det var då heller ikkje vanskeleg med tanke på at det knapt var att snø i fjellet. No vart det absolutt veldig tungt å gå. Ur, småkratt, ingen sti og kokande varmt var ein heller uggen kombinasjon. Det vart difor nokre pausar her og der.

Oppe ved Hestbottjørne vart det betre underlag og no såg eg då òg dagens høgste punkt, på om lag 1630 moh. Eg var no likevel rimeleg sliten då eg dumpa ned på ein stein på bandet mellom Hestebotnen og Langebotnen og visste at no var det berre nedover. Vel nesten berre nedover iallfall...

Bandet var ein praktfull plass å ta seg ein pause. I sør kunne eg sjå Hallingskarvet og i nord og nordaust Hurrungane og Jotunheimen. I vest hadde eg Raudbergskarvet og i aust var Vangsfjella. Veret var òg upåklageleg, ikkje eit vindpust og over 20 grader. Når NRK i tillegg varta opp med CC Cowboys på radioen vart det ein ugløymeleg matpause.

Diverre kunne eg ikkje bli sitjande i all æve, og eg måtte vidare. Den neste timen vart og ugløymeleg, men det var fordi eg sjeldan har vore så lei stein. Langebotnen ga meg tre-fire kilometer med steingåing og det var ikkje det eg hadde lyst på denne ettermiddagen. Nesten ferdig med Langebotnen dukka det heldigvis opp noko drikkevatn, rett nok var det varmt, men vatn er vatn.

No såg eg ofte på klokka, for bussen venta. Det var franleis mykje stein nedover mot dalen, men ikkje av Langebotnenstandard. Ei hytte vart passert, trur det var ei jakthytte, utan at eg tok meg tid til ei vitjing. Føtne var no i dårleg humør, men fekk beskjed om å holde kjeft. Tok meg berre såvidt tid til å nyte utsynet oppover dalen mot Hemsedalsslettene der eg gjekk for nokre år sidan. Då eg passerte elva var eg sikker på at bussen var innan rekkevidde og eg tok meg ein særs velfortent, men kort pause då eg kom inn på stien mellom Bjordalsbu og Bjøberg.

Så var det å mobilisere dei siste kreftene ned til Bjøberg. Heldigvis var det eit fint utsyn over dalen medan eg gjekk ned på nordsida av elva. Eg hadde faktisk såpass med tid at det vart ein liten vask i Mørkedøla før eg gjekk dei siste par hundre metrane bort til riksvegen og ein utruleg fin tur var over.

Kart: 1516 I - Gyrinosvatnet, 1516 III - Hallingskarvet og 1516 IV - Djup



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Strandavatnet (978 moh), med Hallingskarvet i bakgrunnen (Folarskardet midt i biletet)
Strandavatnet og Hallingskarvet frå 1360 meters høgd
Flyan med Stolsbergi i bakgrunnen
Blåberge (1802 moh)
Utsyn søraustover langs Flyåne
Mot Skorpetinden (1705 moh), med Øvre Flyvatnet (1363 moh) i framgrunnen til høgre
På veg over Flyan mot Grevskardet
Klopp på Flyan
Utsyn frå Grevskardet mot Djup (1091 moh)
I nordvestre delen av Djup, med Iungsdalshytta midt i biletet
Iungsdalshytta
Ved Tovika
Djupsstølen og Djup, med Hallingskarvet i bakgrunnen
Storefjellsbotn
Stølen Skålen som har ein fantastisk beliggenhet i dalen mellom Nordre (1618 moh) og Søre Skålanuten (1444 moh)
Ved Skålatjørne i Skålakjeften
På veg opp i Hestebotn med utsyn søraustover mot Langevatnet (1118 moh)
Fremst i Hestebotn, stien går opp til bandet litt til høgre i biletet
Langebotn og Langebottjernan
Utsyn nordover Langebotn med Øljusjøen (1333 moh) i bakgrunnen. Heilt i bakgrunnen kan Hurrungane skimtast
Langebotn og Langebottfjellet sett frå bandet mot Bjøbergdalen
Bjøbergdalen
Nedre del av Bjøbergdalen
Bjøberg