skarvheimen/vossafjella 4.-8. juli 2001

Fantastisk femdagarstur i strålande ver. Den skulle eigentleg vere nokre dagar til, men eg måtte gjere om turen grunna mykje snø i den austlege delen av Skarvheimen.

Dag 1: Breistølen - Bjordalsbu
Roleg start på turen med ein etappe estimert av DNT til fire timar gåtid. Starten var på Breistølen, derifrå opp til Stardalsgjeli der fyrste pausen var. Veret vekte meg, det vart plutseleg svart på himmelen, men eg unngjekk det verste. Eg høyrde ein del buldring og braking, men det vart berre litt regn på meg ved Stardalsmønen. Ved Hestebakkane var ein bekk litt vanskeleg å kome over, deretter vart det mykje snøtrakking. I skaret ved Graveggi lovar "Til fots i Norge" utsyn mot Hurrungane, men det var ikkje så mykje eg skjøna av det. Eg såg nokre fjell i synsranda, men kva det var veit ikkje eg.

På Bjordalsbu var det to franskmenn som hadde kome opp frå Bjøberg. Dei hadde same planen som meg: å fortsetje til Iungsdalshytta. Diverre var ikkje kloppen lagt ut og det såg ut til å vere mykje snø innover fjellet. Franskmennene bestemte seg for å gå til Breistølen neste dag, medan eg fann ut at eg ville prøve å kome meg til Vossafjella så snøgt som råd. Dermed måtte eg nedatt av fjellet neste dag, men hadde mest lyst å gå til Bjøberg for å unngå same stien to dagar. Då eg ikkje hadde kartet som viste dei siste sju km til Bjøberg var eg litt usikker (franskmennene la seg tidleg og eg kunne dermed ikkje spørje om å få sjå kartet deira), men tilsynet for Bjordalsbu dukka opp seinare på kvelden og sa at det var berre å fylgje elva på venstre sida. Merkinga var òg delvis brukande, men gammal. Tilsynet la ut kloppen, men han meinte at ski nok var beste framkomstmiddelet mot Iungsdalshytta og dermed var eg sikker i mi sak om å gjere om på reiseruta.

Dag 2: Bjordalsbu - Bjøberg og Myrdal - Kaldavasshytta
Toget mitt skulle gå 1350 frå Gol, dermed var det tidleg opp for å ha ein moglegheit til å nå det. Ut av soveposen klokka sju og ein knapp time seinare var eg på veg. Det var langt mindre snø denne ruta enn det var frå Breistølen, i tillegg gjekk det jo nedover. Ingen særs vanskelege bekkar/elvar og Hemsedalsslettene og -tjørna vart passert raskt og greitt. Stien var enkel å følgje og med berre ein liten pause var eg på Bjøberg før klokka elleve. Det var ikkje heilt enkelt å få haik (fjellfant med 100 l fjellsekk), men då det dukka opp ein likesinna (tusen hjarteleg takk til deg) var transporten til Gol sikra. Det var godt å få slappe av litt på toget og berre nyta utsynet til Hallingskarvet og Hardangerjøkulen.

Vel framme på Myrdal var det å freiste å få litt informasjon om ruta til Kaldavasshytta. Då knappe tusen turistar var sendt til Bergen og Flåm fekk eg vite at ein lokførar hadde kome ned derifrå tidlegare på dagen og det skulle vere heilt fint å gå. Dermed var det berre å gå på i det strålande veret. Ein kilometer framover Myrdalen før det gjekk oppover fjellsida, fem hundre høgdemeter. Heldigvis hadde eg god tid og det var mykje vatn, så det heilt store slitet vart det ikkje. I skaret mellom Grånesene og Kaldavassnuten såg eg hytta, men det gjekk ein halv time ned og bort gjennom ur og snø før eg var framme. Hytta var tom for folk og det kom ingen seinare heller. Sikringsbua vart dermed valet for meg og eg kunne nyta solnedgangen åleine på trappa. Diverre hadde eg "gløymt" at Kaldavasshytta er ubetjent, men ein dag utan middag går jo fint. Mat hadde eg uansett nok av i sekken.

Dag 3: Kaldavasshytta - Upsete - Grindaflethytta
Nok ein strålande dag i fjellheimen i vest. Ein lang tur venta, ifylgje DNT to timar til Upsete, deretter seks timar til Grindaflethytta i gåtid. Det vart seint sist kveld og avreise vart ikkje før klokka var godt passert ti. Hastverk hadde eg no uansett ikkje. Ned til Upsete gjekk det veldig fint, nokre få snøfenner å skreie på og elles bra sti.

På Upsete skjedde det ikkje så mykje så det var berre å fortsetje opp bratta til Breidalen. I overgangen frå Breidalen forbi Eilifsnuten og ned forbi Hestabotnen kjem ruta opp i 1300 høgdemeter, noko som er høgste punktet på dagens rute. Heretter er det småkupert mellom 1000 og 1200. Eg var litt spent på om eg var for tidleg ute, men heldigvis var bruene over Vassetelvi og i Stordalen lagt ut. Hengebrua over Vassetelvi har forøvreg litt av ei svinging :-). Det var kjekt med eit så snilt terreng når veret viste seg frå si beste side. Ut på ettermiddagen kom eg no fram til hytta og to hyggjelege damer spanderte middag på meg. Utanom oss var det to andre som overnatta på Grindaflethytta denne natta, i tillegg låg det ein i telt på andre sida av Grindafletelvi.

Dag 4: Grindaflethytta - Gråberget - Vindeggi - Grindaflethytta
Kroppen var litt sliten av å bere dryge femten kilo på ryggen og ein kviledag var ikkje det verste eg kunne finne på. Soveposetrekket vart gjort om til sekk og det bar avgarde ut mot Nærøydalen og -fjorden. Etter halvannan times fin vandring forbi nokre småvatn var eg på Gråberget (1094 moh) og såg rett ned i Gudvangen. Utsynet mot dalen og fjorden var heilt vanvittig. Det skulle vanskeleg gjerast å toppe dette, men eg var tipsa om å ta turen ut på Vindeggi (1294 moh). Dette vart ein dryg tur, men kva gjer vel det når utbytet vart storveges. Eggi såg fin ut på langt hald, men eg måtte tidleg ta ned på austsida for å ta meg fram. Det var noko tungt å gå, men særs vanskeleg å ta feil. Sjølve Vindeggi var litt luftig dei fyrste metrane opp frå det siste skaret, elles var det greitt. Utsynet herifrå kan vanskeleg skildrast, men at det var flott er truleg ei kraftig underdriving.

Ned frå Vindeggi ville eg unngå dei mest luftige punkta og hamna litt langt ned mot dalbotnen. Det var like greitt, eg hadde ikkje smakt vatn på nærare tre timar i den kraftige solsteiken og elva vart dermed eit naturleg mål. Etter å ha dempa dehydreringa gjekk turen opp gjennom Nisedalen og opp på Skammedalshøgdi (1603 moh). Utsynet var verkeleg vidt, med Lønahorgi, Fresvikbreen og Hardangerjøkulen som dei mest markante i horisonten. No såg eg òg hytta, men Grindafletflyane var like lange som frykta og det gjekk nok nærare ein time før det var tid for litt middagslaging (lys lapskaus).

Dag 5: Grindaflethytta - Flåm
Siste dag og det var litt synd for det hadde vore ein strålande tur. Eg hadde god tid, men var likevel avgarde før klokka ni. Veret var lettskya og det var like greitt å slippe den verste solsteiken, sol hadde eg vel hatt nok av på denne turen uansett. Dei fyrste timane var det noko kupert, nokre vatn vart passert før dagens høgste punkt vart nådd, 1381 moh. Her openberra utsynet seg mot øvste delen av Ljordalen, elles tok Blåskavlen (1809 moh) seg fint ut herifrå. Jordalsskavlen vart passert på nokre snøfenner på søraustsida og for fyrste gong på tre dagar traff eg sau i høgfjellet.

Den berykta myra i Ljordalen var ille, men eg kom forbi i live. Dei like berykta Gunnhildskorane, som er dei siste sju hundre høgdemetrane, var langt verre, eg trudde eg aldri kom til å kome ned. Det skulle vere åtti slyng på stien, det må ha vore langt fleire. Utsynet mot fjorden var veldig fint, men eg var veldig glad då eg til slutt kom ned til Flåm og knea kunne kvile. Ein fin tur var avslutta, no var det berre å kome seg på bussen til Sogndal og sjå heimelaget leike seg med Odd på Fosshaugane. Ei flott avslutning på ein flott tur (sjølv om Odd redda seg inn til uavgjort).

Generell kommentar:
I innleiinga er det nemnt at turen eigentleg skulle vare nokre dagar til, den opphavlege reiseruta var: Breistølen - Bjordalsbu - Iungsdalshytta - Geiterygghytta - Hallingskeid - Kaldavasshytta - Grindaflethytta - Flåm. Planen var å bruke åtte dagar, med ein dagstur ved Grindaflethytta.

Grindaflethytta er ein del nytta på todagarsturar, dei fleste går opp frå Fyre, Ljosanbotn eller Upsete og går ned til Undredal (Langhuso) eller Flåm.

Vinter: Bjordalsbu er populær om vinteren, hytteboka vitnar om mange turar frå Breistølen. Kaldavasshytta har òg mange vitjingar, det er fine moglegheiter for dagsturar i området. Ruta frå Myrdal kan ikkje brukast om vinteren (det er mogleg å ta seg ned fremst i Myrdalen på ski, men snakk med kjentfolk). Til Grindaflethytta er ruta frå Ljosanbotn mest nytta, det er òg mogleg å gå til/frå Fyre. Rutene til Undredal og Flåm kan vere utsette for skred.

Kart: 1316 I - Gudvangen, 1416 III - Myrdal, 1416 IV - Aurland, 1516 IV - Djup, 1517 III - Borgund

Skarvheimen: Vossafjella:
         

bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Breistølen
Bjordalsbu (1580 moh)
Øvre Bjordalsvatnet (1571 moh) i skumringen
Hemsedalsslettene
Bjøberg
Framover Myrdalen mot Langbotnen
Heimover mot Myrdal
Kaldavasshytta (hovudhytta til høgre, 1275 moh)
Gangdalen med Gangdalsvatnet (1012 moh) i bakgrunnen
Upsete
Flenjaeggi i det fjerne
Grindaflethytta (1083 moh)
Gudvangen sett frå Gråberget
Nærøydalen
Nærøyfjorden
Vindeggi (1294 moh)
Meg på eit luftig utsynspunkt rett under toppunktet på Vindeggi
Bakka
Nisedalen og Skammedalshøgdi (1603 moh)
Storebreen (1662 moh)
Vindeggi sett frå Skammedalshøgdi, Fresvikbreen kan skimtast i bakgrunnen
Jordalsskavlen
Ljordalen
Aurlandsfjorden
Flåm