osa - lærdal 14.-17. juli 2005

Eg hadde lenge tenkt på å gå ein tur på nye stiar (for meg) i Skarvheimen og slengte meg i siste liten på eit opplegg med Bergen Turlag, nemleg "Frå Hardanger til Sogn". Det var je... lurt for dei andre som var påmeldt, for då vart det fire deltakarar og turen vart ikkje avlyst. Det må innrømmast at eg var noko skeptisk, for eg følte meg ikkje i toppform dagane før turen og eit par av dagsetappane virka å vere grådig tunge (noko som sikkert var bakgrunnen for at det var merka som fem-støvlarstur).

Torsdag 14. juli: Osa - Hallingskeid
Grytidleg opp og avgarde med buss kl 0605 frå Sogndal. På Voss 0845 og helste på dei fire andre: Ingar, Bjørn og Anne + turleiar Johnny. Grunna misforståingar kom me oss ikkje vidare mot Ulvik før 1005 (i lag med ein bunke turistar som skulle på båttur på Hardangerfjorden, eg hadde veldig lyst å seie at dei hadde valt feil fjord). Sekkane kom dermed ikkje på ryggen før litt over 11 i Osa.

Veret var ikkje det heilt store i Hardanger, regnbyger var schlägeren der me vandra opp gjennom den flotte Norddalen. Dei første kilometrane gjekk det slakt oppover før me fekk ei god kneik ved fossen sør for Storhaug. Vel oppe forbi vass-stryka, med utsyn til Ossete, vart det endeleg tid til ein kort pause. Rett etter Ossete vart elva kryssa. Kloppen var diverre ikkje lagt ut/tilstades/whatever, noko som resulterte i at ein deltakar måtte tørkast opp litt etterpå (nope, ikkje meg denne gongen).

Vidare var trakket noko svakt, men me skulle no opp på fjellet. Veret var for dårleg til eit besøk på Osaskavlen (som skal gje eit nydeleg utsyn mot Vassfjøra, Jøkulen osv), så det var berre å følgje dei velkjende raude t-ane. Djupe sprekker i fjellet er eit velkjent fenomen i dette området og me kryssa ein del av dei. Veldig fascinerande, men også litt småskummelt sidan nokre av dei var dekka av snøfenner. Då er det kjekt å ha ein turleiar som må gå først...

Sjølv om me ikkje gjekk Osaskavlen fekk føtne meir enn nok snø å gå på denne dagen. I tillegg skifta veret frå regnbyger til vedvarande regn. Det gjorde difor godt med ein lang pause under ein stor heller sør for Osaskavlen. Me hadde no gjeve opp å få noko særleg med utsyn denne dagen, så det vart ein småsur tur bort til Hallingskeid dei siste timane. Det var likevel godt å kjenne at kroppen greidde å henge med, spesielt venstrekneet som framleis var noko dårleg etter kryssinga av Josten fem dagar tidlegare. Tidsbruk: 7,5 timar.

Fredag 15. juli: Hallingskeid - Østerbø
Dette skulle vere den lengste dagsetappen på turen og det vart det. Skoa var heldigvis nesten tørre etter tolv timar i tørkerommet på Hallingskeid og veret såg ut til å verte litt betre enn dagen i førvegen. Hard start på dagen, 400 høgdemeter rett opp bak hytta til me var vest for Skomahøgdene.

Me hadde ingen intensjonar om å følgje stien mot Stonndalen, all den tid Storskavlen var eit delmål. Dette gjorde at me måtte nedatt eit par hundre høgdemeter før elva vart vada i utløpsosen av Svartavatnet. Her var det verkeleg straum og vassføring, så det gjorde godt å holde i tauet i det bikkjekalde vatnet. Det vart ein ekstra vadetur då det viste seg uråd å gjennomføre ideen å bruke tauet som løpestreng. Bjørn viste seg som ein gentleman og gjekk to ekstraturar.

Etter ei kjapp opptørking rusla me litt opp i skråninga før me fekk ein pause halvveges under ein steinheller. Veret var framleis ikkje på vår side og Storskavlen vart dermed ikkje så interessant. Me følgde sørsida av fjellet i om lag 1500 meters høgde til me var vest av Hednedalsvatnet. Her fekk me endeleg utsyn nordaustover mot resten av dagens tur.

Turen no gjekk ned til Hednedalen der dei som gjekk same turen i fjor hadde ei strevsom vading. Me frykta det grunna snøsmeltinga vart enda verre i år, men ut av intet dukka plutseleg ein klopp opp. Sjeldan har vel turleiaren jubla så høgt. Etter litt balansekunst var alle vel over og då me ti minutt seinare fann ein heller å gøyma oss under vart det tid for nok ein pause.

Vidare til nordenden av det regulerte Langvatnet forbi Flatnosi og Raudnosi vart det noko strabasiøst. Mykje stein og mykje opp og ned gjorde at pusten gjekk noko tyngre. Dei siste metrane ned til dammen vart det veldig bratt på ei snøfonn, men ved å ta tida til hjelp gjekk det bra.

Me fekk no dagens siste lange stigning med tohundre høgdemeter før me vart løna me ein herleg snøbakke ned mot det vestre Berdalsvatnet. Pausen ved vatnet vart av det særs utrivelege slaget. Ikkje før hadde me stoppa og opna sekkene, så opna himmelen seg slik berre himmelen kan. Pausen vart kort.

No hadde me berre sjarmøretappen att. Litt bort og så ned Kringledalen til Aurlandsdalen og bort til Østerbø. Det vart ikkje akkurat slik. Me gjekk litt bort og så ned i dalen. Dette var ein fin dal, først nokre snøfenner, deretter stort sett brukbar sti. Så hamna me midt i ei passe håplaus steinrøys der me etterkvart kom noko opp frå dalbotnen. Turleiaren kom her med dei herlege orda: "Me er i feil dal." Det kom ikkje akkurat som ei bombe, kartet hadde vel sant å seie ikkje stemt alt for mykje med terrenget nedover dalen. Me var i Berdalen i staden for Kringledalen.

Alternativ vart kjapt diskutert. Me kunne fortsetje ned dalen til me kom til riksvegen og derifrå anten haike eller gå opp Aurlandsdalen til Østerbø, eller me kunne krysse over til Kringledalen. Det sistnemnte vart valt og me fekk ein motbakke me ikkje hadde rekna me. Etter eit kvarter dukka Tennejuvet opp og me følgde det oppover. Her kom tjukkskodda og me hadde ikkje noko anna val enn å følgje fjellryggen heilt opp att før me kom oss ned i Kringledalen.

No var det heldigvis rett dal og tydeleg sti å følgje. Me passerte stølen Kringla før det gjekk bratt ned i skogen mot Nesbøvatnet. Ingar og Bjørn følgde her den gamle stien ned til vatnet, medan resten prøvde å følgje raudmerkinga. Merkinga forsvann rimeleg kjapt, så opplegget vart meir å finne ein farbar veg ned gjennom regnskogen. Dette var eigentleg særs artig, eg hadde på meg ei god bukse så det vart mykje hopping og aking på meterhøge bregner.

Vel nede kom Ingar og Bjørn spaserande frå sin sti då me kom frå tunneltaket og saman rusla me bort til Østerbø og ein god og velfortent middag etter ein like velfortent dusj. Tidsbruk: 12,5 timar.

Laurdag 16. juli: Østerbø - Melahytta
Dette skulle vere og vart også den store kviledagen på turen. Veldig velfortent etter ein strabasiøs dag i førvegen. Fjellstova serverte frukost berre fram til halv ti, så me måtte opp litt før det for å få oss ein matbit og lage niste for dagen. Turleiaren var ikkje verre på det enn at han gjekk og la seg att etterpå sidan avtala avmarsj for dagen var klokka 12!

Før me kom oss avgarde var det litt fordeling av middagsmaten me skulle ha om kvelden, det var så absolutt ikkje noko pulverposemiddag der i garden. Veret var no langt betre enn dei to føregåande dagane, så me kunne ha litt lettare påkledning. Det var lett å merke på tempoet oppover Langedalen at me ikkje skulle gå så langt denne dagen. Det kosta ikkje lenger så mykje krefter å skulle ta att gjengen kvar gong eg hadde knipsa eit bilete...

Tverrelvi vart følgd på vestsida, her var det rimeleg tungt å gå med solsteiken rett i nakken. Vel oppe fekk me endeleg eit flott utsyn og ein lang pause i godveret som no var i ferd med å sigra over skydekket som hadde dominert nokre dagar. Etter å ha dovna hen rusla me roleg vidare nordover mellom Vasselvotni og opp Grodalen. Her var det framleis mykje snø, men den bar veldig godt så det var berre kjipt, ikkje verre enn det.

Vest for Grodalstrupvatnet vart det tid til ein liten stogg, før me gjekk den siste biten bort til Melahytta. Først vest for Kjeldhusnosi, så steinhoppa me elva mellom to tjørn vest for Heimste Kjeldhusnosvatnet. I følgje turleiaren var steinhoppinga langt vanskelegare i år enn i fjor grunna større snøsmelting og dermed meir vatn (her òg...). Herifrå var det femten minutt over Skjerpahaugane bort til hytta. Tidsbruk: 5 timar.

Søndag 17. juli: Melahytta - Lærdalsøyri
Siste dag på turen og me skulle til Lærdal. Planen var å gå ned til Rikheim i Lærdalen, men sidan Ingar var lokalkjent ville me heller gå til Lærdalsøyri. Dette trass i at skodda låg lågt og tjukk då me åt frukost så alt for tidleg til ein søndag å vere.

Den første timen fekk me heldigvis litt att for all snøen me hadde forbanna tidlegare på turen. Elvene var nemleg ingen problem å krysse på solide snøbruer. Stadige forsøk på å unngå snøtrakking medførte at me kom lenger og lenger vest. Me passerte difor berre ein knapp kilometer aust for Kvanngrøvatnet og hamna på vestsida av det store Norddalsvatnet.

Mellom vatna såg me ein villreinflokk på rundt tjue dyr. Norddøla vart kryssa på veldig solid snøbru. Det låg ein tynn dis over vatnet, men elles hadde sola no verkeleg byrja å få tak. Det var gledeleg, men ikkje uventa sidan vermeldinga hadde antyda noko slikt.

I Norddalsbakkane vart det ein god pause før me kom oss over bandet og ned til Tissedalsvatnet som framleis var islagt. Så kom ei god mote der me steig tohundre høgdemeter, opp til 1600 moh på Grønafjellet. Her gjekk det stort sett på snø, med litt stein innimellom. Utsynet hadde no teke seg skikkeleg opp med Blåskavlen i vest og Jostedalsbreen i nord. Me venta berre på Hurrungane i aust.

Det gjekk jamt bortover i tre kilometer på Grønafjellet, før me fekk ein liten tur ned og så opp att nord for høgste punktet på Borhøgdi. Det vil seie, Johnny og Bjørn tok turen oppom toppen og fekk såleis litt meir høgdetrening enn oss tre andre. Felles for alle var at dette vart det høgste punktet på firedagarsturen mellom dei to lengste fjordane i landet. Felles var også det nydelege utsynet mot Hurrungane. Kjekt å sjå tindane frå ei heilt anna retning enn det ein er vand med.

I austsida av Store Grånosi fekk me vårt andre møte for dagen med villrein der dei slappa av på ei større snøfonn. Ruta vår gjekk vidare mellom Store og Vetle Grånosi og me vart, i tillegg til flott utsyn mot den ytste delen av Lustrafjorden, løna med ei god snøfonn ned nordaustsida av Vetle. Her vart det tid til ei god og lang matøkt. Me hadde nemleg innsett at den planlagte bussen mot Bergen ikkje var mogleg å nå.

Den neste timen etter å ha fylt magen gjekk det litt upp og ned medan me passerte Børshammarnosi. Dugurdshaugen vart passert på austsida, etter litt håplaus krattgåing, før det gjekk noko brattare ned mot Hognåsen. Her fekk me nok eit gong utsyn til Hurrungane (kan aldri få nok av den tinderekkja). No gjekk det over frå å vere noko bratt til å bli til dels veldig bratt. Frå stølen og ned til bygda var det nihundre høgdemeter på god og merka sti.

Litt over halvveges nede måtte eg seie takk og farvel til dei fire andre sidan eg skulle avgarde med bussen til Sogndal og ikkje Bergen. Det gjekk akkurat veldig bra og det gjorde uhyre godt med gul brus på ferja heimatt etter ein god start på sommarens langturar. Tidsbruk: 11 timar.

Kart: 1416 I - Aurlandsdalen, 1416 II - Hardangerjøkulen, 1416 III - Myrdal og 1417 II - Lærdalsøyri.

Osa - Hallingskeid
Hallingskeid - Østerbø
Østerbø - Melahytta
Melahytta - Lærdalsøyri


bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Norddalen og stølen Ossete. I bakgrunnen kan ein skimte Osafjorden.
Snøvassing i skodda på veg opp frå Sverreshogg
Kryssing av Moldåa ved Hallingskeid. Me var heldige, kloppen vart lagt ut dagen i førvegen.
Hednedalsvatnet (1261 moh)
Ingar viser balansekunst ved kryssing av elva frå Hednedalsvatnet
Øvst i Berdalen
I skoddehavet mellom Berdalen og Kringledalen
Kringledalen
Østerbø
På veg mot Herdølestølen i Langedalen
Mykje snøgåing i godveret i Grodalen
Kvanngrøvatnet (1358 moh)
På veg ned for å krysse snøbrua over Norddøla
Vandring langs det framleis delvis islagte Norddalsvatnet
Ved Tissedalsvatnet (1406 moh)
Blåskavlen (1809 moh), Hornsnipa (1692 moh) til venstre
Fresvikbreen (1648 moh)
Ein villreinflokk på ei snøfonn ved Store Grånosi. I bakgrunnen Store Haugmelen (1172 moh) og bakanfor der Tunsbergdalsbreen.
Storfelt utsyn mot Lærdals- og Lustrafjorden
Bleia (1717 moh)
Ingar, Anne og Johnny i fint driv vest av Børshammarnosi
Hognåsen med Hurrungane i bakgrunnen
Utsyn mot Lustrafjorden, Ornes, Mollandsmarki og Tunsbergdalsbreen