høgeloft 29. mai 2004

Turen byrja forsåvidt kvelden i førevegen då eg veldig seint gjekk på grusvegen frå Eldrevatnet inn til 1300 meters høgde før eg hoppa i soveposen. Ved Eldrevatnet var det ikkje snø, men der eg overnatta var det brukbart skiføre. Kom ikkje avgarde før 0830 om morgonen etter ei kald natt i soveposen. Oppover bakkane gjekk det veldig greitt, føret var ok, men overraskande hardt somme stader. Reknar med det var minusgradene om natta som hadde skulda. Store Skagastølstinden vart tidleg synleg og meir utsyn skulle det bli. Eg tok turen bortom den sørlege delen av Jukleeggi før eg sikta meg inn på Høgeloft.

Nådde Høgeloft dryge to timar etter avmarsj og for eit utsyn! Det mest iaugefallande var sjølsagt eit utruleg panorama mot Jotunheimen, men det var også lett å skilje ut mellom anna Hallingskarvet og Jøkulen. Etter ein laaang pause på toppen var det berre å kome seg nedover ein litt annan veg enn opp, før eg pakka ned soveposen og rusla heimover etter ein nydeleg dag i fjellet.

Kart: 1517 II - Øye



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Høgeloft (1920 moh). Til venstre er fortoppen på 1900 høgdemeter
Aust-Jotunheimen
Vest-Jotunheimen
Store Skagastølstinden (2403 moh) og Styggedalsryggen
bilete med namngjeving
Hurrungane
Stølsnostinden (2074 moh) og Falketind (2067 moh)
bilete med namngjeving
Stølsnostinden, Falketind, Uranostinden (2157 moh), Storebjørn (2222 moh), Sagi (2040 moh), Langeskavltinden (2014 moh) og Sjogholstinden (2141 moh)
bilete med namngjeving
Uranostinden, Storebjørn, Sagi, Langeskavltinden og Sjogholstinden
bilete med namngjeving
Utsyn nordover i Jotunheimen. Skardstinden (2373 moh) og Galdhøpiggen (2469 moh) i bakgrunnen
bilete med namngjeving
Galdebergtinden (2075 moh), Slettmarkpiggen (2164 moh), Surtningssue (2368 moh), Slettmarkhøe (2190 moh) og Store Svartdalspiggen (2165 moh)
bilete med namngjeving
Store Svartdalspiggen, Langedalstinden (2206 moh), Mesmogtinden (2264 moh), Store Knutsholstinden (2341 moh), Kvitskardtinden (2193 moh) og Vestre Leirungstinden (2250 moh). Til høgre vestryggen til Austre Leirungstinden (2288 moh)
bilete med namngjeving
Torfinnstindane, Kalvehøgde og Rasletinden. Attanfor Torfinnstindane er Austre Leirungstinden og Tjørnholstinden (2334 moh)
bilete med namngjeving
Grindane (1724 moh)
Hallingskarvet. Folarskardnuten (1933 moh) midt i biletet, til høgre for Folarskardet
Hardangerjøkulen (1863 moh)