haugastøl - krækkja - finse - geiteryggen 31. juli - 3. august 2006

Måndag 31. juli: Haugastøl - Krækkja
Litt lang reise og eg hadde ikkje bestemt meg før om morgonen at den første dagen skulle vere Haugastøl - Krækkja. Veret var litt uklårt då eg hoppa av toget, men fekk no håpe på det beste. Først gjaldt det å finne stien og etter å ha kryssa brua på rv 7, dukka det opp eit skilt som viste kor stien starta. Det bar gjennom eit hyttefelt, vidare femti meter grusveg og så var det berre sti og motbakke. Møtte einkelte som kom andre vegen, ikkje den heilt store trafikken altså. Rett før det flata ut kom det nokre dråpar og det var ikkje moro, all den tid det synte seg at det vart mykje steingåing.

Skydekket var lågt, men eg fekk no sett utover vatna Øvre og Nedre Trestiklan. Møtte ein far som var litt bekymra for kor langt det var ned til Haugastøl, sonen såg ikkje ut til å ha det særleg artig på glatta. Krækkja kom brått til syne då eg var berre nokre hundre meter frå. Ganske herleg eigentleg, ofte småsurt å sjå hytta ein time eller to før eg er framme. Sjølv om det er turen som er målet og ikkje hytta.

Tysdag 1. august: Krækkja - Finse
Tidleg vaken og tidleg til frukost og tidleg avgarde. Du verden, eller you world som det heiter på utanlandsk. Det må ha vore den friske fjellufta ved Storekrækkja. Eg skulle vere turleiar om nokre få dagar så det var på tide å teste formen. Iallfall litt. Tempoet vart difor betrakteleg høgare enn tidlegare i sommar. Tok meg sjølvsagt tid til å ta mange bilete og nyte turen og naturen. For veret var endeleg blitt bra (som om det ikkje var bra tidlegare på sommaren). Passa på å drikke og ete og alt det der.

Hadde ei fin stund mellom Larsbu og Finnsbergvatnet der eg kunne nyte utsynet i ymse retningar. Fekk litt lyst å gå bortom Sumtangen, men det fekk vere til ein annan gong. No gjekk det nok ein gong oppover og bortover og oppover osv langs ei rekkje med småvatn og på austsida av Jøkleelva. Rett nok var det fint ver (og litt kald vind), men bading høyrer bassenga til. Iallfall når ein har passert 25 (eller var det 30?). Jøkulen hadde så smått synt seg ved Finnsbergvatnet og no kom han enda betre til syne der Torsteinsfonna (det som er igjen av ho) breia seg ned mot Brattefonnvatnet.

No var det berre sjarmøretappen att og jammen byrja eg ikkje å møte vandrarar på veg mot Krækkja òg. Ikkje så mange, 6-7 stykkjer kanskje, men eg helste no på dei som ein alltid skal i fjellet. Det eg ikkje la merke til var at den eine visstnok var Jens statsminister og at ei anna var kona hans og at ein tredje var livvakt. Jaja, i Goretex og lue er me alle like. Nedover mot Finsefetene møtte eg ein villfaren utlending (i alt anna enn fjellsko) som trudde han var på veg til Blåisen. Han vart villeia på rett veg så det gjekk sikkert bra med han. På hytta var det som alltid mykje folk, men eg greidde no å få meg ei seng og det vart ein hyggeleg kveld.

Onsdag 2. august: Turar til Blåisen og Jomfrunuten
Stilt og roleg etter høgt tempo dagen i førvegen. Byrja med ein fototur opp til Blåisen der eg var halvveges misunneleg på dei som fekk ei blåisvandring, men ikkje heilt misunneleg sidan breen såg veldig kjedeleg ut. Tusla etterkvart nedatt og etter ein kvil bar det oppover att. No berre til Jomfrunuten for å få nokre oversynsbilete av Finse og tilgrensande strøk.

No var regnbygene definitivt på veg og eg fekk opp farten nedover alpinanlegget. Mangla berre 60 meter på tak over hovudet då himmelen opna seg heilt, men det kunne vore verre. Kvelden vart nytta til ei lita vandring på Rallarvegen og nokre bilete av Signaturtoget. Really exciting. Really. Heilt sant.

Torsdag 3. august: Finse - Geiteryggen
Siste dag på tur og nok ein gong tidleg opp. Ikkje berre fordi eg sov på sovesal den siste natta på Finsehytta, men eg måtte vere sikker på å nå bussen. Denne dagen var eg på gamle stiar, eg gjekk nemleg same turen på turleiarkurset for nokre år sidan. Rett nok andre vegen og spenningsnivået var heilt sikkert ein del høgare då enn no. Tempoet vart høgt, særs høgt. Dermed var eg ved Klemsbu før klokka var slagen 10, men der var det ikkje så mykje å ta seg til på denne tida av døgnet. Ikkje så mykje resten av døgnet heller sikkert, med unntak av vafledagane vinterstid då.

Sankt Pål viste seg borte til venstre i terrenget, men der eg var på turleiarkurset så då var det berre å traske vidare mot Omnsvatnet. der var det fint utsyn vestover mot Såtedalen og Såta og eg mimra litt om skituren våren 05 då veret var langt verre enn no og kom gjennom dalen frå Hallingskeid. Nesten nede ved vatnet møtte eg dagens første motgåande fjellvandrar, kort fortalt hadde eg no meget god tid til å nå bussen. Måtte sjølvsagt ha ein pause denne dagen òg, så ved Bakkahellertjørnane vart det tid til å ete nista og drikke fjellvatn.

Så var det å rusle bort til Geiterygghytta og ta ein prat med Eira og lese aviser før eg gjekk siste biten ned til vegen og turen var over. Vel, bussjåføren var så mykje i si eiga verd at han ikkje oppdaga ein febrilsk vinkande wannabepassasjer før han var 15 meter ifrå. Får ta det opp med sjefen hans ved eit passande høve...

Kart: 1415 I - Bjoreio, 1416 II - Hardangerjøkulen, 1515 IV - Hein og 1516 III - Hallingskarvet



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Utsyn mot Øvre (nærast, 1149 moh) og Nedre Trestiklan (1147 moh)
Krækkja turisthytte (1161 moh)
Krækkja turisthytte og Storekrækkja (1151 moh)
Ved Dragøyfjorden (1180 moh)
Larsbu ved nordenden av Dragøyfjorden
Utsyn søraustover mot Dragøyfjorden
Finnsbergvatnet (1190 moh) med brearmane Vestre og Austre Leirbotnskåki i bakgrunnen
Torsteinsfonni
Utsyn mot Bergensbanen ved Storurdi, Hallingskarvet i bakgrunnen
Blåisen
Finse og Finsevatnet (1214 moh)
Ved Blåisen. For å skjønne proporsjonane: det står ei gruppe nede til høgre for breen
Brevandring på Blåisen
Utsyn mot Finsehytta, Finsevatnet og brearmane Midtdalsbreen og Bukkeskinnsbreen
Finsefeti, aust for Finse
Finsehytta, Store Kongsnuten (1738 moh) og Blåisen
Kveldsstemning på Hardangerjøkulen
Langs Finseå på veg mot Klemsbu
Utsyn sørover mot Finsevatnet og Hardangerjøkulen
Sankt Pål (1694 moh) sett frå Klemsbu
Klemsbu
Omnsvatnet (1317 moh)
Geiterygghytta
Her er det ikkje hunden som passar på:-)