hallingskeid - geiterygghytta - finse 30. april - 1. mai 2005

Laurdag 30. april: Hallingskeid - Geiterygghytta
Brukbare forhold då eg hoppa av toget på Hallingskeid denne laurdagen. Greitt føre og antydningar til blå himmel. Dette heldt seg til eg forlet Bergensbanen ved Låghelleren. No slo det verkeleg om, så det vart veldig surt oppover til Såta. Heldigvis var vinden i ryggen, men sikten var lik tjue meter for det. Dette er slikt ein må rekne med i fjellet sjølv i slutten av april.

Det eg ikkje hadde rekna med var at eg skulle gjere ein større tabbe enn vanleg. Eg hadde av ein eller annan mystisk grunn berre med meg 0,6 liter med drikke og det var mindre lurt. Det vart difor veldig tungt bortover og nedover mot Geiteryggen, men eg nådde akkurat å få meg ein vask før middagen. Tidsbruk: 6 timar. Lengd: 24 km.

Søndag 1. mai: Geiterygghytta - Finse
Dette vart rett og slett ein strålande dag i fjellet. Flott skitur over Kyrkjedøri, som var enda flottare enn venta, til Finse. Nokre småseige motbakkar opp frå Geiteryggen, men kva gjorde vel det i solsteiken? Eg fekk etter kvart veldig god tid, så det vart godt med pausar. Eg gjorde elles min største tabbe hittil i år, langt større enn drikkesaken dagen i førevegen. Eg hadde nemleg gløymt å pakke med meg solkrem, så eg vart ekstremt grundig grilla. Tidsbruk (på tur og grilling): 5,5 timar. Lengd: 20 km.

Kart: 1416 II - Hardangerjøkulen og 1416 III - Myrdal.



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Ved Låghelleren i Moldådalen
Ved Fokstova
Geiteryggvatnet (1223 moh) og Geiterygghytta
Utsyn austover ved Godfjell
Kyrkjedørsvatni (1440 moh) og Kyrkjedøri
Sørenden av Flakavatnet (1451 moh)
Finsehytta og Finsevatnet (1215 moh)
Togstasjonen og Finse 1222