fretheim - liahovden - aurlandsvangen 27. september 2003

Flott tur som hadde litt keisam start. Hoppa av bussen nede ved fjorden, noko som medførte trasking dei få kilometrane opp til Flåm og så ei halv mil oppetter vegen til fjells. Etterkvart vart det eit veldig fint utsyn mot Flåmsdalen, Rjoandefossen og Vidmesnosi (1263 moh). I Gudmedalen vart det tid til ein god matpause, før det bar opp i nysnøen ved Tvenningaberget (1440 moh). Her opna utsynet seg mot Blåskavlen for fyrste gong denne dagen. Diverre hadde batteria til kameraet takka for seg. Vidare gjekk det i lett terreng til Liahovden (1443 moh). Her vart det nok ein pause, eg skjøna at eg hadde veldig god tid. No gjekk det berre nedover, medan eg kunne nyte det nydelege utsynet mot Aurlandsfjorden. På stølen Hovdungo var det høve til å ta Vangen i nærare augnesyn, deretter var det fin vandring i skogen ned til bygda.

Kart: 1416 IV - Aurland



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Framover Flåmsdalen
Rjoandefossen
Gudmedalen
Nysnø i høgfjellet, Ljosberget (1640 moh) bak til venstre