hallingskarvet på langs 15.-16. juni 2003

I midten av juni gjekk eg nok det som (truleg) vert sesongens siste skitur for mitt vedkomande. Turen gjekk over Hallingskarvet frå Finse til Geilo. Eg var nok litt seint ute i høve årstida, men det gjekk overraskande bra.

Det byrja med morgontoget opp til Finse, sidan nattoget ikkje går laurdag/søndag. Fyrste kilometeren opp frå Finse gjekk til beins, på om lag 1400 moh var det på med skia. Deretter gjekk det nokonlunde greitt opp til Kyrkjedørsnuten, før ferda fortsette innover Skarvet. Her fekk eg eit gamalt spor å følgje, noko som var greitt i dei partia der det var mindre snø og det måtte gåast litt slalåm. Vidare til Hellevassfonni og Folarskardnuten var det stort sett veldig bra, veret var nydeleg, bris i ryggen, nok snø og fantastisk utsyn i alle himmelretningar . På toppane var det sparsomt med snø, men det skapte ikkje større vanskar. Ned til Folarskardet rota eg litt før eg skjøna at det var korrekt å følgje fonna heilt ned. Overnattinga fann stad i Lordehytta.

Det var nokre minusgrader då eg byrja siste del av turen, litt snø var det òg i lufta opp til topp 1905. Føret var glimrande tidleg på morgonen, dermed gjekk det kjapt avgarde. Utsynet var nok ein gong nydeleg, morgonlyset gjorde Gaustatoppen og Hårteigen mykje tydelegare enn i soldisen dagen før. Før eg visste ordet av det stod eg i Prestholtskardet og festa skia til sekken. Dermed hadde eg veldig god tid til å nå toget på Geilo, noko som vart utnytta med ein lang pause på Prestholtseter. Sesongens siste skitur var over, så sant eg ikkje kjem meg avgarde til Blåskavlen med det fyrste.

Generelt var føret overraskande bra, litt gjennomslag i nærleiken av stein og våt snø skapte berre litt sommarstemning. Tidsbruken var sju timar frå Finse til Lordehytta og fem og ein halv time frå Lordehytta til Prestholtseter.

Kart: 1416 II - Hardangerjøkulen, 1516 II - Geilo og 1516 III - Hallingskarvet



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Finse
Hardangerjøkulen med brefalla Blåisen og Middalen
Skarvet og Lengjedalen
Kyrkjedørsnuten (1790 moh)
Nordaustover mot Strandavatnet, Reineskarvet kan skimtast i bakgrunnen
Hallingskarvet sett frå Kyrkjedørsnuten
Ljøtebotnane
Hardangerjøkulen
Folarskardnuten (1933 moh) sett frå Hellevassfonni
Søraustover Skarvet frå Folarskardnuten, Storeskuta til venstre på Skarvet
Folarskardtjørnan
Lordehytta
Dårleg ver opp frå Folarskardet om morgonen
Morgonveret over Storeskuta var ikkje lovande
Nordvestover mot Folarskardnuten og Hellevassfonni
Utsyn vestover frå Eimefonni
Utsyn mot Ustevatn og Hardangervidda frå Prestholtskardet
Prestholtskarvet og Skarvsenden sett frå Havsdalen