bjordalsbu 5.-6. mai 2006

Eg hadde for lengst notert meg at eg måtte ein tur på Raudbergskarvet denne våren og vermeldinga denne helga såg bra ut. Diverre synte det seg at Sogndal skulle spele heimekamp laurdagskvelden, så då måtte eg reise opp fredag med retur laurdag føremiddag.

Oppturen vart ein smule strabasiøs i snø som forsvann under meg med jamne irriterande mellomrom. Roten snø heiter det visst. Veret var no heldigvis bra, men ein kald søravind medførte at halsen vart litt groggy grunna mine fortvilte freistnader på relativt lett klednad. Det var nok det same veret som gjorde snøen roten òg. Utsynet var ikkje heilt glimrande, noko soldisen får ta skulda for. Litt surt eigentleg, for utsynet frå bandet ved Graveggi skal visstnok vere glimrande. Ingen andre overnattande på hytta, så dermed nok eit kryss i den kjipe lista over DNT-hytter eg har overnatta på åleine.

Vakna tidleg på laurdagen sidan eg skulle på Raudbergskarvet, men den planen vart fort skippa grunna kald og litt for sterk søravind. Dermed god tid til frukost og utpakking av hytta før det var tid for nedtur. Føret var ein smule variabelt, men eg satsa på at stor fart var fornuftig sidan eg då ikkje fekk tid til å gå gjennom snøen... Då eg hadde null feste gjekk eg via Nedre Bjordalsvatnet og ikkje over bandet ved Graveggi, elles følgde eg oppvegen. Dei to tryna for dagen kom med korte mellomrom i Stardalsgjeli. Det første kunne vore unngått, det andre kom som ein følgje av at farten etter det første trynet ikkje var høg nok til at eg kunne unngå eit nytt fall...

Kart: 1516 IV - Djup og 1517 III - Borgund



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

I Stardalsgjeli, Stardøla er akkurat kryssa
Nedover gjelet med Eikishornane (1554 moh) i bakgrunnen
Gjelet med Breistølen og Eikishornane i bakgrunnen
Overvatn på Starsjøen (1353 moh)
Austover Mjåvatnet (1409 moh) med Bidlesteinnosi (1615 moh) til høgre
Utsyn frå bandet ved Graveggi
Framover dalen mot Bjordalsbu
Bjordalsbu
Jerv i nabolaget?
Utsyn austover frå Rankebotnen
Turen er over, Stardalsgjeli i bakgrunnen
Breistølen