aurlandsdalen 24. juni 2001

Denne flotte dagen vart nytta til å gå ein av dei flottaste dalane Sogn kan by på. Det var rett nok tidleg avreise heimafrå for å nå bussen frå Vassbygdi. Det var fleire som hadde tenkt same tanken, så på bussen opp til Østerbø var det vel tjue vandrarar som alle fekk ein fin tur (trur eg). Østerbø og Nesbø vart passert i fint driv før stigninga mot Grønestølskleivane. Utsynet ved Bjønnstegvarden var verkeleg verd turen åleine før det gjekk bratt nedatt i dalen. I Vetlahelvete fann me restar etter ei huldreferd dagen før: ein flåte som sjølvsagt måtte prøvast. Etterkvart kom me oss til Sinjarheim der me hadde den siste matpausen. Så gjekk det bratt ned til elva og Almen og siste biten til Vassbygdi.

Kart: 1416 I - Aurlandsdalen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Østerbø
Nesbø
Nesbøgalden
Nesbø sett frå stigninga mot Grønestølskleivane
Utsyn frå Bjønnstegvarden
Stig Omar på flåten i Vetlahelvete
Det fossar i Aurlandsdalen
Almen gard som ligg fint til under ei steinblokk