aurlandsdalen 18. juni 2005

Fin rusletur ned Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi. Greitt ver og som alltid mykje å sjå på. Rota meg til topps i Vetlahelvete, godt med litt trim og innsyn frå ny retning. Me avslutta med kappspringing over stokk og stein der underteikna var den einaste som tryna. Tidsbruk: 5,5 timar.

Kart: 1416 I - Aurlandsdalen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Frodig i dalen, men snøen ligg framleis på fjellet
Ikkje ein stad for dei mest høgderedde
Ved Vetlavatnet (763 moh)
Moldedalsgrovi er stor denne dagen. Berekvam til høgre i biletet
Stig i Vetlahelvete
Utsynet som openberr seg fem minutt vest for Vetlahelvete
Bridlebrui (sti til Teigen og Stondalen)
Sinjarheim
Almen