rondane 24.-25. juni 2005

Me hadde kome opp til Rondvassbu fredag, det var dermed mogleg å sove heilt til 07.30 på laurdag. Etter ein kjapp frukost var det avgarde sånn rett etter halv ni. Dagens mål var Rondslottet, noko me rekna med burde gå greitt. Det var det også med unntak av at det var veldig glatt grunna nysnø rundt Vinjeronden. Eide snudde difor, medan eg tok turen åleine til topps. Diverre var det stort sett skodde medan eg var på toppen, men det gjorde uansett godt å endeleg kome seg på ein skikkeleg topp i år. Heimover viste det seg at nysnøen i mellomtida hadde smelta og det var difor fint å traske nedatt. Einaste unntaket var ei snøfonn der eg gjekk igjennom litt vel mykje og ofte.

Søndag er kviledag og me tok oss difor ein roleg tur før me skulle til Sogn att. Valet fall på Peer Gynt-hytta nokre timar vest for Rondvassbu. Dette vart ein flott spasertur med utsyn mot dei framleis snøkledde toppane i Jotunheimen. Hytta var diverre stengt, men me hadde no meir enn nok snop i sekken. Bort til Spranget fulgte me sti til Ljosåi var kryssa, deretter var det berre å følgje høgda bort til Spranget og bilen. På heimvegen vart det ein liten svipptur bortom Kvitskriduprestin, som nok er meir impressing på bilete enn i røyndomen (men for all del, det var verdt svippturen).

Kart: 1718 I - Rondane



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg inn til Rondvassbu fredag kveld med utsyn til skydekte Rondslottet (2178 moh) og Storronden (2138 moh)
Rondslottet sett frå Vinjeronden
Toppvarden på Rondslottet
Langglupdalen og Atnsjøen (701 moh)
Storronden
Rondvassbu og Storronden
Digerronden (2016 moh)
Storsmeden (2016 moh)
Besshø (2258 moh) i det fjerne
Peer Gynt-hytta
Kvitskriduprestin