storsmeden, vinjeronden og rondslottet 23.-25. juli 2003

Meteorologane fann det for godt å love eit lite vergløtt nokre dagar, dermed vart det ein topptur i Rondane. Då eg ikkje kom til Spranget før utpå ettermiddagen vart det naudsynt med litt høgt tempo inn til Rondvassbu. Halv seks var eg på veg ut døra på Rondvassbu etter å ha installert meg på sovesal ein (einaste ledige då eg kom). Det var for gale å kaste vekk ein såpass fin sommarkveld så eg hadde bestemt meg for ein tur bortom Storsmeden. Det vart ein veldig grei tur, merkt sti heilt til bandet mellom Steet og Storsmeden, derifrå ur til toppen av Storsmeden. Eg valde å gå mest mogleg på egga oppover frå bandet då det var minst laust her. Utsynet var bra, blant anna var det ein god moglegheit til å studere ryggen over til Veslesmeden. Nedatt rota eg meg ned i ei laus renne ei stund før eg fekk betre stein under føtne. Elles var det sjølvsagt fint frå bandet og nedatt til Rondvassbu, der det vart ein dusj og sist i seng i sovesalen. Tidsbruken var vel to timar opp og noko mindre andre vegen. Jepp, folk la seg veldig tidleg i sovesalen, ufatteleg nok var det knapt noko snorking å høyre, eg har aldri opplevd makan i ein sovesal.

Torsdagen var det så dags for Rondslottet som er det høgste fjellet i Rondane. Dette er ein grei tur så lenge du er vant med å bruke hendene litt. Turistforeininga har merkt ruta heilt til topps, både frå Rondvassbu og Langglupdalen. Avgang var rett før ni, veret var greitt og det vart ein fin tur. Frukost vart innteken rett etter stidelet mot Storronden, flaskene fylt i bekken i Rondholet og stien var lett å fylgje. Ura opp til Vinjeronden var litt laus i bryjinga, men dette gjekk seg heldigvis til. Vinjeronden ga elles eit flott utsyn mot Rondslottet og Storronden. Frå Vinjeronden gjekk det overraskande langt ned før den siste stigninga opp til Rondslottet. Stigninga var fyrst noko bratt og solid ur, deretter flata det noko ut før siste biten til topps. Toppen vart nådd noko slikt som kvart over elleve. Her vart det litt knipsing av fjella på andre sida av Langglupdalen før eg sette meg bak toppvarden i ly for vinden. Dette vart ein solid pause før eg sette kursen nedatt mot Rondvassbu. Meininga var å ta ein tur til Trolltinden på ettermiddagen, men det var no byrja å skye til. Vel nede på Rondvassbu ga eg opp tanken på Trolltinden og fann heller fram ei god bok frå sekken. Eit par timar seinare byrja det å regne...

Fredagsmorgonen var det berre grått og trist, altså ikkje anna å gjere enn å pakke saman og sette kursen mot Spranget.

Kart: 1718 I - Rondane



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Storsmeden (2016 moh) og Veslesmeden (2015 moh)
Steet (1996 moh)
Storsmeden
Trolltinden (2018 moh)
Steet, Bråkdalsbelgen (1915 moh) i bakgrunnen
Veslesmeden
Rondslottet (2178 moh)
Utsyn nordover frå Storsmeden mot Dørålen og Skranglehaugan
Langholet
Storronden (2138 moh)
Vinjeronden (2044 moh)
Rondslottet sett frå Vinjeronden
Høgronden (2115 moh)
Austover Langglupdalen mot Atnsjøen (701 moh)
Digerronden (2016 moh), Vestre Midtronden (2060 moh) og Austre Midtronden (2042 moh)
Vinjeronden sett frå Rondslottet
Storsmeden, Veslesmeden og Trolltinden