helgetur til rondane med topptur til veslesmeden 16.-18. januar 2004

Vintertur med Tormod til eit av dei mest snøfattige fjellområda i landet.

16. januar: Mysusæter - Rondvassbu
Fredag er arbeidsdag og då det er langt over fjellet, vart det ikkje avmarsj før klokka var passert 22 denne kvelden. Me var godt kledde, det var heilt greitt å halde varmen trass i tjue kalde. Det vart ein nydeleg tur i stjerneklårt ver, månen var diverre ikkje å sjå, men konturane av dei langstrakte snøkledde toppane gjorde det til ei ugløymeleg oppleving. I tillegg var det eit flott grønt nordlys den fyrste timen. Føret var bra, nedpå stein nokre vender vart det, men hadde frykta verre. Vegvalet vårt ved Spranget gjorde turen noko tyngre, men i slike stunder var det vel like greitt. Litt over 1 ramla me inn døra på sjølstellshytta på Rondvassbu og oppdaga til vår store glede at hytta var varma opp og folk framleis vakne.

17. januar: Mislukka toppturforsøk på Storronden
Blå himmel og storoptimisme då me noko trøytte krabba ut av soveposane. Det vart litt seint natta før, avgang vart ikkje før 10. Målet var i utgangspunktet Vinjeronden/Rondslottet, men dette vart etterkvart endra til Storronden. Det skuldast at me såg det som truleg at turen frå Vinjeronden over til Rondslottet ville verte strabasiøs grunna vekslande snømengder. Storronden var heller inga lett nøt å knekkje. Det tok til å fokke irriterande mykje ved 1400 moh, og dette berre auka på oppover. Ein pause bak eit bogestelle hjelpte heller ikkje på. Toppen hadde no forsvunne i snødrevet. Då den eine skifellen til Tormod ikkje ville vere med meir, trass i bruk av fleire meter sportstape, vart det dråpen som sende oss ned i Illmannadalen. Resten av dagen vart nytta til litt trasking på måfå i området rundt Rondvassbu, mellom anna ei vitjing i Jutulhogget.

18. januar: Rondvassbu - Veslesmeden - Mysusæter
Fiaskoen dagen før gjorde at me var særs lystne på ein topp denne dagen. På førehand var Veslesmeden plukka ut som mål for søndagen, eit mål me hadde god tru på. Det var overskya, men sikten var veldig god og om lag vindstille ved hytta. Tempoet var roleg oppover bakkane, men eg sleit likevel. Kursen vart lagt skrått oppover austsida av Svarthammaren før me runda topp 1871 på sørvestsida. Her blåste det kraftig opp og det vart merkbart tyngre å ta seg fram. Tormod låg no konstant langt framfor meg i terrenget og eg lurte på kva som skjedde (eg har aldri blitt gått frå av han i motbakke...). Vel framme ved foten av siste kneika opp var vinden veldig ubehageleg og kald.

Tormod hadde festa skia skikkeleg, då det var greiast å gå dei siste 150 høgdemetrane til fots. Før han forsvann oppover oppmoda han meg om å varme meg på kinna og nasen då desse partia var kvite. Balaklavaen vart teken på og varmen kom att i kinna. Det einaste problemet eg tykte eg hadde no var at beina og magen ikkje hadde lyst å fortsetje. Det vart no likevel til at eg strøvla meg oppover, målet vart å ta tjue skritt til og så vidare. Sekken vart etterkvart eit brukbart vindfang, noko som ikkje var heilt ufarleg. Tjuefem meter under toppen møtte eg Tormod på veg nedover, eg vart åtvara mot veldig sterk vind på sjølve topp-platået. Vel oppe vart det berre tid til å stupe bort til varden og slå vindvotten i snøen før eg snudde. Vinden her oppe var rimeleg vanvittig, eigentleg burde eg vel ikkje vore der i min tilstand.

Utsynet var veldig bra, men tilhøva gjorde det uaktuelt med noko knipsing. Nedover gjekk det noko betre enn opp, formen var skral og magen tom, men det gjekk no på eit vis bort bandet til topp 1871. Her møtte me ein svenske som òg hadde overnatta på hytta. Han ga klar melding om at båe var kvite på nasepartiet og at det var trong for oppvarming. Då dette var gjort og litt marsipan og vatn innteke, var det tid for å kome seg heimover. Vinden løya heldigvis rimeleg kjapt, dermed var det berre å ta tida til hjelp for å kome seg til Mysusæter og heimatt. Tid tok det, og magen og hovudet og beina hadde lite lyst, men til slutt var me no framme. Og var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Kart: 1718 I - Rondane



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Morgonstemning ved Rondvassbu
På veg mot Storronden (2138 moh)
Utsyn vestover mot Storsmeden (2016 moh) og Veslesmeden (2015 moh)
Storronden forsvinn i det skiftande veret
Rondvassbu
I Jutulhogget
Nordover Rondvatnet
Storronden
Digerronden (2016 moh), Midtronden (2060 moh) og Høgronden (2115 moh)
Tormod på veg opp dei siste 150 høgdemetrane til Veslesmeden
Storsmeden
Rondslottet (2178 moh) og Vinjeronden (2044 moh)