rondane 7.-12. august 2005

Årets langtur som turleiar vart i år i Rondane. Hadde gått det meste av turen tidlegare og då det i tillegg var toppturar tre av dagane, var det eit fint program som var lagt opp.

Søndag 7. august: Straumbu - Bjørnhollia
Oppmøte på buss-stasjonen i Oslo og avreise til Ringebu med ekspressbuss og vidare til Straumbu med lokalbuss. Veret var ikkje så mykje å skryte av og vermeldinga ditto. Heldigvis vart det litt spasering første dagen og ikkje berre buss. Fint tempo og ein skikkeleg motbakke vart det iallfall i regnveret. Passe vått på bakken, men ikkje heilt vonlaust. Enno.

Måndag 8. august: Bjørnhollia - Dørålseter
Dette vart ein tøff dag. Grei start første timen over i Langglupdalen, men oppover mot Høgronden vart det hardt. Regn som gjekk over i snø og skodde gjorde tilhøva vanskelege. Det vart klesskifte i steinbua på 1700 moh, men framleis var det 400 høgdemeter til toppen. Ved å ta tida til hjelp kom alle opp og me kunne, etter å ha fått på oss tørt og i oss mat og drikke, fortsette ned mot Dørålseter.

Veret kom seg veldig då me kom ned ved vatnet på 1460 og det vart ein pause på dei første medan dei venta på baktroppen. Elva her var såpass stor at somme vart våte på beina ved steingåinga, men det var ingenting mot kva som venta dei neste to dagane... Nedover mot Dørålseter gjekk det fint og me fekk middag rundt 12 timar etter start frå Bjørnhollia.

Tysdag 9. august: Dørålseter - Rondvassbu
Start som vanleg kl 9 og me vandra mot Rondvatnet og Rondvassbu. Bekken frå Bergsdalen var no blitt ei diger elv og me gjekk difor på umerka sti på austsida av elva. Eg hadde gått her før, men uansett vanskeleg å gå feil. Ingen vits å vade elva iallfall slik som einskilde andre gjorde.

Øvst i dalen måtte me krysse det som var att av elva og steingåinga gjekk brukbart for dei fleste. Turleiaren var alt søkk våt etter diverse uttesting av farbare vegar... Stien vidare var oversvømt somme stader, men det gjekk greitt å gå rundt. Lunsjpause vart unnagjort og me delte oss før turen opp til Rondhalsen. Dei som skulle til Veslesmeden gjekk først, medan dei som gjekk direkte til Rondvassbu tok det litt rolegare.

På toppen av Rondhalsen var det tett skodde og litt diskusjon om kven som ville vere med til topps. Det enda med at alle vart med, men utsynet vart vel noko slikt som 20 meter på toppen. Som dagen før altså. Då var det berre å traske ned igjen og plukke opp sekkane og kome seg til Rondvassbu og få ein dusj og eit betre måltid.

Onsdag 10. august: Rondvassbu - Bjørnhollia
Nok ein dag og nok ein topp. Eller faktisk to toppar denne dagen, sidan Vinjeronden vart erobra på veg mot Rondslottet. Tre stykkjer var fornuftige og gjekk straka vegen gjennom Illmannadalen istadenfor å slite seg over fjellet til langt ut på ettermiddagen.

Turen til topps gjekk overraskande fint, rett nok dårleg med sikt, men det var blitt ein vane no. Me fekk til og med ein lunsjpause utan nedbør og med vindstille på bandet før toppen. På toppen var det ikkje så mykje å finne på med unntak av det obligatoriske biletet av varde med skodde.

Ned til Langglupdalen var det berre å nytte tida, stort sett såg me akkurat vidare til neste varde. For å få ei litt enklare steingåing av bekkar og elvar kryssa me Langglupbekken nokre hundre meter vest for den vanlege kryssinga. Det var glupt, berre spør dei som ikkje gjorde det;-).

No var me byrja å gle oss til dusj og tørre klede på Bjørnhollia, så det vart med ein liten pause ved brua som kryssar Langglupbekken nederst i dalen før me gjekk den siste timen bort til hytta.

Torsdag 11. august: Bjørnhollia - Rondetunet og Straumbu - Rondvassbu
Siste dag på turen og det var lett å merke. Gruppa ville knapt ha pausar og tempoet var langt høgare enn naudsynt. Terrenget var nytt for meg, men det var god merking og lett å finne fram. Det vart heldigvis pausar ved Fagerli og Midtbrennsætra der me kunne nyte eit anna heilt anna terreng enn det me hadde vandra i dei siste dagane.

På Rondetunet var turen over for deltakarane og etter å ha teke farvel hoppa eg på bussen til Straumbu. Eg skulle til Gjendesheim dagen etter og hadde funne ut at då kunne eg overnatte på Rondvassbu.

Atna var flaumdiger, men brua var framleis på plass med ei klaring på ein halv meter til vatnet. Det gjekk fort inn til Bjørnhollia i regnet. Der vart det ein matpause før eg vandra vidare mot Rondvassbu. Kort sagt vart ferda mot Rondvassbu våt. Det regna jamt og alle bekkane gjekk flaumstore.

Får å unngå å gå tom, drakk eg mykje vatn. Dette medførte etterkvart ein dårleg kopi av Monty Python sin sketsj om inkontinente og løping;-). Godt alle andre hadde kome seg i hus på denne tida. Jaja, eg kom meg no til Rondvassbu og ein tallerkenrett før eg fann plassen min på sovesalen.

Fredag 12. august: Rondvassbu - Spranget
Fin tur ut til bussen. Typisk nok opphaldsver no då turen var over...

Kart: 1718 I - Rondane og 1818 IV - Atnsjøen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg opp ei bratt kneik mellom Straumbu og Bjørnhollia
Bjørnhollia
På veg opp mot Høgronden (2115 moh)
Vandring i nysnø og skodde på veg ned frå Høgronden
Vestlending i fint driv blant raude t-ar
Flott utsyn austover med Store Elgvasshøi (1608 moh) til venstre i biletet
Stort steinlandskap
Høgronden med toppen kledd i nysnø
Ved Vidjedalsflyi med utsyn mot Dørålen
Frå Skranglehaugan mot Digerronden (2016 moh)
Skranglehaugan (dødisområde frå siste istid)
Ein pust i bakken etter topptur på Veslesmeden
Utsyn mot Voldalen på veg til Rondetunet
Det gjorde godt med litt bakkefarge etter dagar med regn og skodde i høgfjellet