spranget - dørålseter - bjørnhollia - spranget 6.-9. august 2002

Hytte-til-hytte-tur med Stig Omar i eit område eg kun hadde vore ein liten tur i tidlegare. Det var ikkje uventa mykje folk i Rondane, men seng vart det no alle nettene. Dagane var fine òg, blant anna med vitjing av to toppar, Storronden (2138 moh) og Veslesmeden (2015 moh).

6. august, del 1: Spranget - Rondvassbu
Seks-sju km på grusveg i ok ver, ei regnbyge på slutten. Fint utsyn mot fjella på båe sider av Rondvatnet (1167 moh)

6. august, del 2: Rondvassbu - Storronden t/r
Tidleg ankomst til Rondvassbu, dermed tid til ein topptur før mat. Storronden er ganske keisam å gå på, det er ikkje noko onnort enn ei gigantisk steinrøys. Utsynet var bra, trass i noko skya ver og regnbyger. Toreveret var òg lite morosamt på toppen. Storronden er den nest høgste toppen i Rondane, berre Rondslottet (2178 moh) er høgare

7. august: Rondvassbu - Dørålseter
Fin tur i fint ver i etterkvart langstrakt terreng nordover. Diverre var veret heller dårleg på avstikkaren oppom Veslesmeden

8. august: Dørålseter - Bjørnhollia
Langglupdalen var flott å vandre gjennom, med nydeleg utsyn mot fjellmassiva rundt. Nordveggen på Rondslottet var vel det mest iaugefallande. Eit torever siste halvanna timen med eit enormt regnskyll gjorde slutten veldig interessant

9. august: Bjørnhollia - Rondvassbu - Spranget
Illmanndalen var betre enn ryktet, ved Illmanntjørnin var det faktisk heller flott. Elles var det ein typisk siste-dag-på-tur-dag

Kart: 1718 I - Rondane dekkjer det meste av turen med unntak av nokre få kilometer ved Bjørnhollia



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Østveggen på Storronden med Høgronden (2115 moh) i bakgrunnen
Vinjeronden (2044 moh) og Rondeslottet (2178 moh) med Midtrondane (2060 moh og 2024 moh) bakanfor
Rondslottet, Midtrondane og Høgronden
Utsyn vestover mot Stor- (2016 moh) og Veslesmeden (2015 moh)
Store Sølnkletten (1827 moh) i det fjerne
Svartnuten kneisar høgt over Rondvatnet
Inst i Jutulhogget
Frå Veslesmeden mot Sagtindan (2018 moh)
Toppen på Veslesmeden
Digerronden (2016 moh)
Nordveggen på Rondslottet
Høgronden, Midtrondane og Digerronden sett frå Dørålseter
Frå Dørålseter mot Vesle- og Storsmeden
Veslesmeden
Frå Langglupdalen mot Høgronden
Storronden, Vinjeronden og Rondslottet sett frå Langglupdalen
Rondvatnet og Svartnuten
Digerronden, Svartnuten, Rondslottet, Vinjeronden og Storronden
Steet (1996 moh), Storsmeden og Veslesmeden