hjerkinn - høvringen 6.-12. august 2006

Ei veke som turleiar i Rondane for eit usedvanleg hyggeleg turfølgje.

Søndag 6. august: Hjerkinn - Grimsdalshytta
Sein avgang sidan det var første dag og oppmøte på togstasjonen på Hjerkinn. Litt papirrot medførte at eg ikkje visste kven som ikkje hadde dukka opp, men det var det ikkje så mykje å gjere med. Første timen var gjennom skogen, over E6 og bort til campingplassen på Hageseter. Tempoet var noko høgare enn eg hadde rekna med, men så lenge alle greidde seg fint var det ingenting å uroe seg over. Frå Hageseter fekk me ein lang motbakke, men føremonen med dette var at også utsynet vart betre.

Ein matpause vart det sjølvsagt tid til før me var over toppen og rusla bortover til Gautåi. Heilt problemfritt gjekk det ikkje, for litt før elva møtte me nokre kvefsar i krigshumør. Resultatet var at fleire av deltakarane fekk seg nokre stikk, men det gjekk heldigvis bra. No var det mest bortover og veldig lett terreng til nordre Tverråi vart kryssa og derifrå var det ikkje langt til Grimsdalshytta heller.

Måndag 7. august: Grimsdalshytta - Haverdalsseter
Ned til elva, lang motbakke der skodda og regnet etter kvart vart dominerande. Bortover, forbi ei dyregrav. Interessant. Stidele ved Storrvatnet der turleiaren påla tvangsmatpause i høljeregnet. Høljeregnet fortsette. Ingen brydde seg om ei stor dyregrav ikkje langt frå stien. Det gjekk veldig fort ned til hytta. Ingen dusj, men godt "tørkerom". Mange spørjebøker på hytta. Bra. Ein del tok turen på Sæterberget om kvelden då veret hadde letta.

Tysdag 8. august: Haverdalsseter - Dørålseter
Opphaldsver og fint å traske nedover dalen, delvis på terrassar, langs elva. Elva vart kryssa etter eit par timar og det vart ei fin matøkt nedst i bakken opp til Dørålglupen. Dørålglupen var stein, mykje stein. Veldig mykje stein. Faktisk berre stein. Og eit par mindre snøfenner. Flesteparten tok ein avstikkar oppom toppen på steinrøysa, medan resten fekk ein hyggeleg pause med fint utsyn. Turleiaren var iallfall glad for at ikkje alle stakk opp på steinrøysa:-). Så var det berre å spasere ned til Dørålseter og eit triveleg tun, med flott utsyn til nokre 2000-meterstoppar.

Onsdag 9. august: Dørålseter - Rondvassbu
Regnet kom på besøk att, men me fekk heldigvis byrje i opphaldsver. Dråpane kom då Atna var kryssa og dei slapp ikkje taket før me var innandørs på Rondvassbu. Utsynet var dårleg opp Rondhalsen og det var ingen som ein gong tenkte på å ta turen oppom Veslesmeden. Her var det berre om å gjere å kome seg over og fram. Alle kom velberga fram og ingen tok båten, så då vart det ein vellukka dag. Igjen.

Torsdag 10. august: Topptur på Storronden
Dei som vart verande på hytta for å pleie forkjølelse og gnagsår gjekk ikkje glipp av så mykje. Faktisk ingenting viss det var utsynet dei elles hadde vore ute etter. For på toppen på Storronden var det 3-4 plussgrader, tendensar til sludd, haglbyger og generelt ingen sikt. Men for nokre var det første gongen over 2000 meter og det var jo verdt turen i seg sjølv. Alle kom heile ned, og då var turleiaren særs nøgd.

Fredag 11. august: Rondvassbu - Høvringen
Flott dag med roleg tempo, fint ver, mykje pausar og mykje å sjå på:-). Storpausen var ved Peer Gynthytta der det var triveleg selskap til mat og saft. Til slutt kom me òg fram til Høvringen og hotellet der me fekk ei siste natt før kvar og ein sette kursen heimover etter ei veke med fin natur, mykje ver, flotte dagar og kjekt selskap.

Kart: 1519 II - Folldal, 1519 III - Hjerkinn, 1718 I - Rondane og 1718 IV - Otta



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Snøhettamassivet i det fjerne
På veg over ein bakkekant med Høgronden (2115 moh) i bakgrunnen
Cecilie på veg opp frå ein tverrdal der Nørdre Tverråe vart kryssa
Frodig parti ved Haverdalsåi
Utsyn nordaustover mot Folldal, med Storhøi (1604 moh) heilt i bakgrunnen
På veg inn i Dørålsglupen
Mykje stein i Dørålsglupen
På veg ut av Dørålsglupen med Rondslottet (2178 moh) og Bergedalen/Rondvassdalen i bakgrunnen
Kveldssol på Hammaren
Framleis ei stund til sola forsvinn på Høgronden
Pause ved Ljosåbue