katterat - beisfjord 10.-13. juli 2006

Endeleg tur i eit for meg nytt område i dette landet og første gongen nord for polarsirkelen. Ikkje at eg skal ta så mykje av æra for det valet, var vel meir Stig som drog meg med (og eg som tinga flybillettar, noko som med god hjelp frå SAS ga ei ekstra natt på Gardermoen på heimvegen).

Me var noko spente på snømengdene i fjellet sidan me var tidleg ute i høve til vanlege sommarturar i området. Heldigvis var det tidleg sommar i området og me kom knapt bortpå ei snøfonn.

Måndag 10. juli: Katterat - Hunddalshytta
Grei og fin start på turen. Den høgre ankelen ber tydeleg preg av bruken dei siste åra og det høvde seg med litt oppvarming dag ein. Det første som møtte oss då me gjekk av toget var blodtørstige mygg. I store mengder. Den einaste løysinga var sjølvsagt å kome seg oppover grusvegen i Sørdalen til me var over skoggrensa. Utsynet mot Ristacohkka vart betre og betre, trass i noko duskregn. Hunddalshytta vart nådd etter tre timar, og ti minutt før himmelen opna dei fleste slusane. God timing.

Tysdag 11. juli: Hunddalshytta - Cunojávrihytta
Avgangen vart utsett nokre timar grunna katastrofever (høljeregn og kuling heile natta), så først kl 11 vart føtne plassert i fjellskoa. Først attende eit kvarter til enden av grusvegen, før me gjekk over elva som ikkje var der og oppover mot Nordbergryggen. Veret var i betring, det regna ikkje meir og sikten var ok opp til 1200.

Innover dalen var det noko kronglut, men merkinga stod til godkjent minus så me hadde brukbar framdrift. Så skulle i følgje merkinga elva kryssast utan at me skjøna så mykje av det. Ikkje hadde me lyst til å vade og ikkje hadde me lyst å få våte sko, og sidan kartet synte at det gjekk greitt å holde seg på vestsida av dalen sørover, vart det løysinga. Einaste grunnen, slik me oppfatta det, til at stien skulle krysse elva og dalen var at det stod ei kvilebu på den andre sida.

Matøkta vart difor utandørs, men i oppletta ver er ikkje det noko å hyle om. Fin utsikt var det òg, men som vanleg irriterande å treffe på måse i høgfjellet. Resten av dagen vart ein parademarsj i strålande ver. Øvst i dalen kom me inn att på stien og fekk samstundes eit glitrande utsyn mot Storsteinsfjellet og området rundt. Det var rett og slett vanvittig flott, med toppar, brear, elvar, vatn og vidstrakte flyer. Det seier seg sjølv at framdrifta gjekk seint med slike omgjevnader.

Diverre måtte ferda bokstaveleg tala gå vidare, no mot Cunojávri. Nokre større elvar måtte kryssast, ikkje heilt utan at skoa vart gjennomvåte. Den nordnorske myggen kom òg på besøk, noko eg takla ved å kle meg godt. Ikkje særleg komfortabelt i varmen, men eg unngjekk då i det minste stikk. Stig tok den motsette varianten, nemleg shorts og mange stikk. Ned mot Cunojávri opna landskapet seg og Sverige var berre ein svipptur inn til venstre. Sealggajohka vart kryssa på ei bru der ein skulle tru at underteikna hadde snikra rekkverket.

Etter sju og ein halv time ute var me så framme ved hytta. Der var det ein svensk familie på tre i hovudhytta, medan to lokale heltar okkuperte sikringshytta. Svenskane kunne tilby eit heilt soverom, valet vart då enkelt. Av kveldens hendingar må nemnast vaniljemoussen som hovudsakleg enda i utedoen. Stig imponerte med å klare å ete ein heil kaffikopp av det underteikna hadde piska i hop. Dette vart heldigvis gløymt då solnedgangen (midnattsol...) vart heilt superb noko seinare.

Onsdag 12. juli: Cunojávrihytta - Lossihytta
Verguden hadde som vanleg nytta natta godt og opna nokre nye sluser. Men me la som vanleg ut med godt mot. Forresten: mange takk til svenskane som ville vaske hytta etter oss:-). Ikkje så mykje å skrive om frå dei første timane, skydekket var lågt så me fekk ikkje så mykje av den venta utsikta mot Nuorjjovárri og breane rundt. Tempoet var visst høgt for ut av ingenting var me ved vegen aust i Norddalen. Her vart det ein heller kort rast i lett regn før me vandra bortover og nedover på grusvegen.

Dette var ikkje godt for ankelen, men det var ingen veg utanom. Ei drøy halv mil seinare kunne me endeleg forlate vegen og gå på sti att. No såg me Lossihytta på fjellryggen nord for dalen. Cunojohka vart kryssa på bru, medan Loasejohka var lett å steingå. Det var knapt to hundre herlege høgdemeter opp til hytta, som hadde flott utsyn over dalen. I tillegg var det innlagt straum og dermed var det grei temperatur i hytta då me kom fram noko småvåte. Grei dagsetappe som tok fire og ein halv time. Dagens dessert var sjokolademousse, som vart veldig vellukka til stor glede hjå underteikna (som piska som juling).

Torsdag 13. juli: Lossihytta - Beisfjord
Me bestemte oss for at dette vart siste dagen då me stod opp og såg veret. Ved godt ver hadde me gått til Hunddalshytta, men det var absolutt ikkje godt ver. Vandringa langs Lossivatnet var grei, men me fekk ei større utfordring då me møtte Rienatvaggi, som var ei elv me måtte krysse for å kome oss til sivilisasjonen. Då me trudde dei verste elvegreinene var kryssa møtte me plutseleg ei diger elv. Eg trakka på ein stein som ingen har trakka på tidlegare og stod med eitt i kneståande.

Gjennomvåt til kneet var det berre å vasse resten av elva, medan Stig på merkeleg vis kom seg høvesvis tørr over. Dette var sjølvsagt gløymt då me litt seinare helste på ein reinsgjeng. Mange fine dyr som sikkert smakar godt. I godver hadde det vore freistande med ein topptur på Nihkevárri, men no var det straka kursen mot Skamdalen. Merkinga over bandet og ned i dalen var noko merkeleg, men me kom oss nedover. Terrenget var veldig prega av mykje sva, så det gjekk stundom sakte for å unngå tryn/tilbakefall.

Vel nede i dalen fann me det for godt (for andre gongen på turen) å tru meir på eiga kartlesing enn stien og kryssa elva straks for å unngå å vade lengre nede. Dalen var vakker, men skjemma av høgspentlinja som går gjennom heile dalen. Stien og merkinga vart noko utydeleg nedst i dalen, men kartet og terrenget gjorde det lett å finne fram. Utsynet mot Skamdalsbotnen var ei pen kulisse medan eg tinga drosje og overnatting.

Skamdalsvatnet vart fort og gæli vandra forbi, medan me prøvde å finne ein god plass å knipse fossen frå Tverrdalselva. Her var det forresten fleire kloppar/bruer på tre minutt enn me passerte på fire dagar i fjellet. Dagens etappe vart gjennomført på knappe sju timar og ein flott langtur i Narvikfjella var over.

Kart: 1431 I - Bjørnfjell, 1431 II - Cunojávri, 1431 III - Skjomdalen og 1431 IV - Narvik. Svensk turkart BD6 Abisko - Kebnekaise - Narvik (1:100.000) kan òg nyttast.

Kort samisk-norsk ordliste:
jávri - vatn
vagge - dal
cohkka - fjelltopp
johka - elv
corru - fjellrygg



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Katterat stasjon
Frå Katterat mot Norddalen
Nordover Sørdalen mot Beassetcohkka (1420 moh) og Jieknacohkka/Istind (1458 moh)
Sørdalen og Ristacohkka (1688 moh)
På veg til Hunddalshytta med den vestlege delen av Storsteinsfjellet i bakgrunnen
Hunddalsbotnen. Dei tre fjelltoppane er frå venstre: Gahpercohkka (1477 moh), Storfjellet (1633 moh) og Váhttecohkka/Vomtinden (1494 moh)
Hunddalshytta
Ved Hunddalselva, Sillescorru/Nordbergryggen i bakgrunnen
Hunddalen og Hunddalsbotnen
Gahpercohkka (1477 moh)
Detasjementshøgda/Slubbocohkka (1253 moh), delvis gøymt i skodda
Her skulle me eigentleg vade over Oallajohka, men lure som me er las me kartet og såg at ved å følgje elva oppover ein time slapp me denne vadinga (pluss ei delvis hasardiøs kryssing av ei tverrelv)
Oallajohka med Oallajávri (858 moh) i bakgrunnen
Øvst i Oallavagge med utsyn til Sealggajohka
Storsteinsfjellmassivet (1893 moh)
Søraustryggen på Ristacohkka
Storsteinsfjellet, den høgste toppen er nummer to frå venstre
Sealggajávri (787 moh) og Sealggajohka
Fantastisk
Ristacohkka
Parti ved Sealggajohka
Stidele mot Sverige
Kryssing av bru nordvest for Cunojávri (702 moh)
Cunojávri og Cunojávrihytta
Kveld ved Cunojávri, med utsyn mot Sverige
Sola går ned over Oallavagge (i den grad midnattsola går ned...)
Dagens siste solstrålar på sikringshytta, med breane ved Nuorjjovárri (1663 moh) i bakgrunnen
Utsyn vestover frå Cunovuopmi
Ved dammen i Norddalen med utsyn austover
Lossihytta med Nihkevárri (1788 moh) i bakgrunnen
Lossihytta på toppen av bakken
Lossihytta
Nord for Lossivatnet med utsyn vestover Nihkevággi
Nihkevággi
Ei simle som saman med flokken sin tok turen forbi
På veg ned Nihkevággi mot Skamdalen
Skamdalen
Fjelltoppen er ein vestleg utløpar av Nihkevárri
Skamdalsvatnet (180 moh)
Skamdalsbotnen, det høgste fjellet er ein nordvestleg rygg frå Rienatcohkka og har ein høgde på 1588 moh