store haugmelen 2. oktober 2004

Kort dagstur til Store Haugmelen som ligg på grensa mellom Luster og Sogndal kommunar. Hadde eigentleg tenkt oss til Eggenipa i Våtedalen, men veret var for dårleg til at me ville betale t/r i Fjærlandsbommen. Det vart ein del vandring på veg denne dagen, frå bommen ved Dalåkre til Vassløysa er det grusveg/traktorveg. Dette er ein distanse på 4-5 km med i overkant 400 høgdemeter stigning. Frå Vassløysa er det merka sti til toppen av Store Haugmelen. Fint terreng for ein roleg dag i haustfjellet.

Me valte å gå om fortoppen på veg opp, men det ga ikkje noko ekstra utsyn sidan veret var heller begredeleg. Det var likevel kjekt å sjå Lustrafjorden og Kinsedalen frå ein ny vinkel. Ikkje at eg flyttar til Kinsedalen av den grunn... Uansett vertilhøve vart det tid til ein matpause (sjokolade+saft som vanleg) før me vandra nedatt att til Vassløysa og den keisame vegen ned til Dalåkre. Tidsbruk: 4,5 timar. Høgdemeter: Opp og ned 800.

Kart: 1417 III - Sogndal



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Breidesete sett frå Vassløysa
Vassløysa
Frå Vassløysa med Storehaugen (1169 moh) i bakgrunnen
Utsyn mot Storehaugen og Skriki (1232 moh)
På toppen av Store Haugmelen
Utsyn mot Molden (1118 moh), Lustrafjorden og Ornes