rivenosi 1. juli 2001

Rivenosi (1339 moh) er ein av toppane i Luster turlag sin Topptrim 1999-2001. Då toppen er litt krevjande arrangerte turlaget ein fellestur hit. Me gjekk opp attmed Feigefossen (218 m fritt fall) i noko yr og drivet frå fossen gjorde oss noko fuktige. Frå toppen av fossen og fram til Hanafossen var det greiare å gå, medan siste biten opp til toppen var noko brattare. Diverre var sikten på toppen lik null og dermed fekk iallfall eg ein god grunn til nok ein tur hit. Nedturen gjekk sjølvsagt raskare, sjølv om me gjekk om Bergheimsstølen og Bergheim. Veret var greitt bortsett frå litt yr fyrst og sist på turen, i tillegg til skodda på toppen. Tidsbruken vart om lag åtte timar, fem opp og tre ned.

Kart: 1417 I - Lustrafjorden



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Feigefossen
Feigum sett frå toppen av Feigefossen
Turfylgjet på veg opp attmed Hanafossen
Heimover Feigedalen, Bergheimsnosi (950 moh) noko til høgre på biletet
Framover Feigedalen
Innover Lustrafjorden frå Bergheim