kolstad - hornane - kinnfok - børestein - luster 14. mai 2005

Langhelg som eigentleg skulle nyttast på Hestbrepiggane og Lomseggi. Men eg ombestemte meg i siste augneblinken grunna endra vermelding. Det vart dermed langhelg heime og lokal dagstur.

Avgarde i slik passe tid på føremiddagen og i fint ver. Roleg gange på grusvegen oppover frå Kolstad med skia på sekken. Var litt spent på om eg fekk ta på skia før Hornane. Våren hadde byrja bra, men dei siste vekene hadde smeltinga stoppa litt opp. Det synte seg at det faktisk hadde vore mogleg å bli køyrt heilt opp til krysset rett nedanfor Ilaget.

Bortover frå Ilaget var det ein del snø, men ikkje nok til å ta på skia. Heldigvis bar snøen. Stort sett iallfall. Fekk berre einskilde gjennomtrakk. Skiskoa mine fortsette trenden med å trekkje vatn, så eg var brukbart blaut på føtne alt før eg kom meg opp til Hornane og kunne ta ein liten pause.

Det gjorde verkeleg godt å få på seg skia etter å ha traska på grus og gjennom snø med skisko ein times tid. Oppover frå Hornane var det greitt, med omsyn til årstida, å finne ei lei oppover skråninga før det flata ut innover mot Midtfjellet. Eg la merke til at det var rimeleg flatt lys, trass i godveret. Det var ei lita skyhinne som dermed gjorde skigåinga litt vonlaus, men utsynet var no veldig bra.

Ved Midtfjellsvotni var det på tide å ta seg heimover mot Kinnfok og Børesteinen. Det gjekk i eit brukbart tempo oppover, men eg kjende at kondisen kunne vore betre. Får skulde på Londonturen i april tenkjer eg. Etter langt om lenge kom eg no opp på bandet mellom Ringabotnen og Sagavotni og fekk eit alldeles makalaust utsyn mot Hurrungane.

Fotoapparatet fekk gjennomgå mykje medan eg tusla oppover mot Kinnfok. Det var ikkje få gonger eg måtte stoppa for å nyte blikkfanget austafør. Spesielt Store Austanbotntinden var heilt nydeleg med snøkappe og sol. Mot toppen vart det også utsyn til Jostedalsbreen, Vangsen og Lodalskåpa i nord og vest og fjella rundt Sognefjorden. Frå Kolstad til topps brukte eg dryge fire og ein halv time. Det vart ein lang pause på toppen. Veldig lang.

Nedturen mot Børesteinen og bygdi vart diverre ein nedtur. Etter mykje motbakke hadde eg gleda meg til å få renna litt på ski, men det flate lyset gjorde at det vart litt for mykje svingar og for lite moro. Heldigvis var det framleis flott utsyn på turen, no mot fjorden og bygdi. Vel borte på Børesteinen vart det ein del knipsing til bygdealbumet, før eg festa skia på sekken og byrja på den siste delen av ein minnerik dagstur.

Høgdemetrane ned til Ferestad kan kjapt oppsummerast som litt meir slit enn venta, sidan det var meir snø (som i tillegg var roten) enn eg hadde trudd på førehand. Men for lite til å stå på ski. Ned kjem ein no uansett til slutt og det hadde no trass den rotne snøen ned frå Børesteinen vore ein veldig fin substitutt-tur. Tidsbruk med pausar frå Kolstad til Bringebakkane og foreldra mine vart sju og ein halv time.

Kart: 1417 I - Lustrafjorden og 1418 II - Mørkrisdalen.



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Heimover dalen frå Hornane. Jagershaug (1392 moh) til høgre. I synsranda kan ein skimte Bleia (1717 moh).
Nedre Hornane med Kringlevatnet (674 moh) i bakgrunnen. Kringlestølen kan såvidt skimtast i fremste enden av vatnet. Fjella i bakgrunnen er Kattøyro (1411 moh) og Grånosi (1698 moh).
Nedre Hornane med Kringlestølen i bakgrunnen
Våren er i ferd med å kome på Lø
Ruta vidare oppover mot Midtfjellet gjekk på skrå i underkant av fjellryggen til høgre i biletet
Surtningssui (2368 moh, midt i biletet langt i bakgrunnen) kan faktisk sjåast frå Kinnfok. Dei to markante fjella i biletet er Simlenosi (1766 moh) og Kolnosi (1694 moh).
Skagastølstindane (Store er 2403 moh), Dyrhaugsryggen (Store er 2147 moh), Nordre Midtmaradalstinden (2062) og Store Midtmaradalstinden (2056 moh)
Store Austanbotntinden (2204 moh)
Store Skagastølstinden og Dyrhaugsryggen
Store Soleibotntinden (2083) og Store Ringstinden (2124 moh)
Isen er i ferd med å gå i fremste osen på Kringlevatnet nedst i biletet. I bakgrunnen Jostedalsbreen og Vangsen (1757 moh).
Herleg utsyn mot Lustrafjorden
Molden (1118 moh) med Fresvikbreen (1648 moh) i bakgrunnen
Bleia
Lustrafjorden og Lustrabygdi