luster - hersete - kinnfok - børestein - luster 18. juni 2001

Det var lite snø i fjellet i vinter og dermed var smeltingi kome langt. Dette gjorde det mogleg med ein fottur til Kinnfok (1406 moh) så tidleg på sommaren. Ruta vart som fylgjer: Luster - Berge - Hersete - Kinnfok - Fjøsnenosi - Børestein - Berge - Luster. Dei siste metrane opp til Kinnfok vart det litt snøtrakking, frå Kinnfok til Fjøsnenosi var det noko meir, men ikkje noko å klaga over. Veret var fint så eg storkosa meg heile dagen og brukte åtte timar.

Kart: 1417 I - Lustrafjorden



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Heimover dalen mot bygdi
Dalbotnen med blant anna Tubbene og Øygarden
Jagershaug (1392) og Fivlenosi (1466), Hersete nede til høgre
Frå Kinnfok mot Kringla og Hodnane
bilete med namngjeving
Hurrungane
bilete med namngjeving
Skjolden
Luster og Lustrafjorden