utladalen vest 19.-22. juli 2001

Firedagars fottur i ein lite nytta del av Jotunheimen. Høgdepunktet var toppturen til Store Midtmaradalstinden.

Dag 1: Hjelle - Vettisfossen - Stølsmaradalen
Roleg start på turen med fem kilometer på grusvegen inn til Vetti. Herifrå tjue minuttar bort til Vettisfossen som eg såg for fyrste gongen frå botnen. Heimatt mot Vetti eit stykkje før det var over hengebrua og opp Brendeteigen. Brendeteigen er med rette illgjeten, sekshundre høgdemeter der du med jamne mellomrom må nytte alle fire for å kome deg opp/ned/fram/bak. Denne dagen var det heldigvis turt i veret, stien vert ikkje tilrådd å nytte elles då sleipe sva etc ikkje er morosamt. Utsynet frå Brendeteigen mot Vettisfossen er veldig flott. Stølsmaradalen var like fantastisk som alltid, dermed vart det ein kjekk kveld.

Dag 2: Topptur til Store Midtmaradalstinden
Dette var hovudmålet for turen og det var ikkje fritt for at eg var spent, både på ver og veg. Noko av vegen er omtala i Thommessen, Skogheim, Kuyper si bok "Fra Rondslottet til Lodalskåpa", i tillegg fekk eg noko informasjon på bussturen til Hjelle. Fyrste delen var grei, rundt høgde 1198 og opp på Stølsnosi (1542). Vidare langs snøfonna/breen til 1749. Eggen opp til Søre (1958) såg litt kranglevoren ut, dermed valte eg ura hundre meter vest for denne. Eg skal innrømme at eg fekk litt hakeslepp då eg kom opp på Søre for her tok Vesle (2017) og Store (2056) seg veldig flott ut. Diverre såg det litt for vanskeleg ut for meg, eg var på nippet til å snu, men fann ut at eg kunne no gå over snøfonna og iallfall freiste. Klyvinga var ikkje særs vanskeleg, men i ettertid ser eg at eg burde halde litt meir mot venstre sett frå Søre. Boka tilrår at ein går ned i ei renne vest for eggen mellom Vesle og Store og så eg gjorde. Det var verre å kome seg opp på Store, men eg nytta ei grusrenne som kom opp tjue meter frå toppen.

Utsynet på toppen er vanvittig, du står midt i Hurrungane. Då veret i tillegg var fantastisk til Hurrungane å vere var eg berre heilt i skyene (som ikkje var der). Diverre laut eg nedatt og det vart ein nedtur på fleire måtar. Ned til renna mellom Store og Vesle fann eg ein noko betre veg enn eg nytta opp, deretter var det berre å ta det roleg ned frå Vesle og Søre. Eg stakk bortom Snørestødet for å ta Utladalen nærare i augesyn og det finnst vel knappast ein betre stad for å gjere det. Tidsbruk opp var fire timar og tre kvarter medan det nedatt tok tre og ein halv time.

Dag 3: Stølsmaradalen - Gravdalen - Avdalen
Ein dag som burde forbigåast i stilla, men noko lyt eg vel skrive. Hovudet var framleis på Store Midtmaradalstinden og veret var heller grått og trist. Det dårlege veret gjorde at avmarsj ikkje vart før over elleve, men etappen i dag var ikkje så lang, berre bort til Gravdalen etter den gamle stigen. Eg fylgde den merka stigen bort til Storebekken, der kartet viser at det skal vere eit stigdele. Det einaste som er der er restar etter ein stolpe, men det var godt nok for meg. Stigen er for det meste borte herifrå og bort til Gravdalen, men stundom ser du ein varde eller to.

Slufsedøla kom eg no over på eit vis utan å verte altfor blaut, men fuktig var eg vel alt før hoppinga. Ned til Gravdalen kjempa eg meg gjennom gjennomblaut lauvskog og fekk meg ein kraftig nasestyvar då eg skjøna at hytta i Gravdalen ikkje hadde DNT-lås (det står nemleg det i DNT-papir...). Eg hadde eigentleg ei dårleg magekjensle på akkurat det, for i 2000 måtte ein hente nøkkel i Avdalen. Eg laut difor traske ned til Avdalen, ikkje for å hente nøkkel, men for å overnatte. Det var(t) uaktuelt å gå oppatt. Då eg kom til Avdalen var eg så blaut som eg vel knapt tidlegare har vore, men det er utruleg kva som skjer med ein når ein har skifta klede.

Dag 4: Avdalen - Hjelle
Ein kort morgontur for å nå bussen klokka 0815 og det gjekk med god margin.

Kart: 1517 IV - Hurrungane, evt. turkart Jotunheimen Vest



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Hjellefossen
Utladalen Naturhus
Avdalsfossen
Vetti gard
Vettisfossen
Frå Brendeteigen mot Vettisfossen
Framover Stølsmaradalen mot Stølsmaradalstinden (2026) og Midtre Ringstinden (2025)
Vesle (2017) og Store Midtmaradalstinden (2056) sett frå Søre Midtmaradalstinden (1958)
Store Midtmaradalstinden (2056)
Store Stølsmaradalstinden (2026), Store Austanbotntinden (2204), Store Ringstinden (2124), Midtre Ringstinden (2025) og Store Soleibotntinden (2083)
bilete med namngjeving
Store Soleibotntinden (2083), Austre Ringstinden (2002), Nordlege Midtmaradalstinden (2062) og Store Dyrhaugstinden (2147)
bilete med namngjeving
Utsyn søraustover mot Uranostinden (2157), Stølsnostinden (2074), Falketind (2068) og Hjelledalstinden (1989)
bilete med namngjeving
Store Skagastølstinden (2403), Vetle Skagastølstinden (2340), Sentraltinden (2348), Vestre Styggedalstinden (2370), Austre Styggedalstinden (2387) og Jervvasstinden (2351)
bilete med namngjeving
Kjerringi (1938) og Mannen (1950) med Smørstabbreen i bakgrunnen
Framover Utladalen frå Snørestødet (1220)
Vettismorki
Avdalen (380)