uranostinden 29.-31. august 2003

Byrjinga på turen til Uranostinden (2157 moh) vart noko stressande, men etterkvart vart eg plukka opp på Håbakken og me kom oss til Koldedalen, om enn litt seint på kvelden. Lavvoen kom slik passe kjapt opp og vekking neste morgon bestemt. Då turleiar Morten pakka ut av bilen og ymse uventa krimskrams kom til syne, måtte eg berre spørje om kor han hadde tenkt seg. Eg trudde det var opp og nedatt Uranosbreen, men det viste seg at me skulle klyve opp sørryggen og returnere på breen. Ulempa med denne klyvinga rekna eg med vart det vetle faktum at strekken i venstre lår ikkje hadde gjeve seg, føremonen var sjølvsagt at det ikkje vart same veg opp og ned, og det vart eit par 2000-metrar ekstra. Sjølv om eg ikkje samlar på slike...

Litt over seks var det ut av soveposen og tid for morgonstell, mat og pakking. Halv åtte var det klart for avmarsj. Tempoet var roleg, me hadde brukbart med tid. Det var eit fint høve til å beundra Falketind som nokre av oss var på eit år tidlegare i langt dårlegare ver. Elva frå Urdadalsvatnet vart passert på ein klopp i osen, no hadde me òg fått det fyrste synet av dagens mål. Uranostind S-2 (2048 moh), betre kjent som sørtoppen på Uranostinden, var ei lang ur som var rimeleg keisam. Nærare toppen vart det noko lett klyving, ei grei oppvarming til det som skulle koma. Rett før toppen var det eit lite hakk som var luftig, i tillegg var det noko dårleg med tak. Sørtoppen ga eit vanvittig utsyn mot Uranostinden. Det såg definitivt vanskelegare ut enn kva eg hadde vorte fortalt. Heldigvis har slike vanskar ein tendens til å løyse seg når ein kjem nærare. Og nærare skulle me.

Det gjekk overraskande langt ned frå Sørtoppen, ura var her dekt av litt nysnø. Opp på S-1 (2037 moh) var det heilt greitt og me gjekk bort på den siste knatten før egga mot hovudtoppen byrjar for alvor. Her vart det ei lang matøkt. Med seks stykk i same taulag og berre to erfarne ville det ta tid å klyve opp, så då var det greitt å fylle magen. Ruteval vart diskutert, egga såg eigentleg ok ut då me kom innpå. Det einaste problemet såg ut til å vere ein hammar langt nede på egga. Det var fyrst litt ned før moroa byrja. Strekken ga meg litt bry somme stader under den før omtala hammaren, men det var overkomeleg. Eg fekk berre finne alternative måtar å bevege meg på. Hammaren vart omgått på venstre side, her fekk eg for siste gong vanskar grunna foten. På andre forsøk lukkast eg, deretter var det berre veldig luftig og artig. Taulaget hadde fått inn teknikken slik at det gjekk noko kjappare. Taka var heile tida veldig gode, noko som var hyggeleg sidan det innimellom var veldig luftig.

Så moro hadde eg ikkje hatt det på lenge (iallfall ikkje sidan turen til Jotunheimen i juli). Diverre kom me ikkje overraskande til topps, noko som vart feira med sjokoladekaka. Her vart det tid til eit lite uhell, i det eg klarde å kutte meg i fingen med kniven. Utsynet var sjølvsagt glitrande i alle himmelretningar. Meir kan ikkje seiast med ord, så viss du ikkje har vore der, er det berre å ta turen. No vart det kjapt ein tur ned til bandet ved breen, der me la att sekkane og utstyret og sette kursen opp på Slingsbytinden (2026 moh). Dette vart ein avstikkar på tjue minutt. Toppen ga spesielt eit fint utsyn mot vestsida av Uranostinden. Uranosbreen var, som venta, keisam. Ein keisam transportetappe som tok lang tid og ga meg gnagsår. Det var heldigvis nokonlunde greitt å ta seg fram i det sprekksystemet som var. Vel av breen var det ompakking av sekker og rask marsj nedatt i Koldedalen. Litt regn vart det heilt mot slutten, men det hadde ingen moglegheit til å øydeleggje det som hadde vore ein superb dag i fjellet.

Søndag vart det lang frukost i det fri, ein kort køyretur bort på Eidsbugarden for brus og bollar og så heimover med mange gode minne.

Kart: 1517 I - Tyin



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Uranostinden, S-2 (Sørtoppen, 2048 moh) sett frå Urdadalsvatnet
Falketind (2068 moh) og Falkbreen
Uranostinden (2157 moh) sett frå S-2
Søreggen sett frå S-1
Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh). Mellom dei to toppane kan ein i bakgrunnen sjå Lodalskåpa (2082 moh)
Sagi (2040 moh) og Skogadalsbreen. I bakgrunnen Smørstabbtindane og Galdhøpiggmassivet
Nært på Sagi
Langeskavltinden (2014 moh), Uranosbreen og Mjølkedalsbreen
Uranostinden sett frå Slingsbytinden
Smørstabbtindane med Storebjørn (2222 moh) i midten
Stølsnostinden (2074 moh) og Stølsnosbreen
Hurrungane med Store Skagastølstind (2403 moh) som kongen
Vestlege delar av Hurrungane, den markerte toppen er Store Austanbotntinden (2204 moh)
Uranostinden S-1 og Uranostinden sett frå Uranosbreen
Falketind