tverrbotntindane 14. august 2004

Fin dagstur ved Leirvassbu.

Bra ver og sidan det er kort veg over Sognefjellet til Leirdalen, passa det godt med ein tur til Tverrbotntindane. Parkerte eit par kilometer før Leirvassbu og lunta oppover mot Leirløyfti. Mykje stein etterkvart, med unntak av dei første tjue minuttane var det ur heile vegen til fortoppen ved Vestre Tverrbotntinden. Prøvde meg såvidt på egga vidare mot Vestre, men dette var definitivt ikkje dagen for slike krumspring. Nesten vertikalt på nordsida og meir enn langt nok på sørsida gjorde at eg ikkje akkurat kom langt før eg ombestemte meg.

Fortoppen har ein primærfaktor på 15-20 meter, så den kan reknast som 2000-meter, men eg hadde veldig lyst på Vestre. Gjekk difor litt attende og runda fortoppen i sørsida og etter litt roting kom eg opp i skaret mellom fortoppen og Vestre. Herifrå var det lett til topps. Studerte egga frå skaret til fortoppen, men fekk ikkje særleg lyst til å prøve egga frå denne sida heller.

No gjekk dagsturen over i eit tydeleg mønster, ned ei ur og opp ei ur. Først til Store, så til Austre og så til Austraste. Utsynet var flott, spesielt mot Bukkeholstindane og Bukkehøi. Får ta turen på den ryggen til neste år. Galdhøpiggen var også tydeleg. På Austraste var det også pent utsyn både sørover og vestover til tindane eg hadde vitja nokre veker tidlegare. Frå Austraste var det berre å følgje ura ned nordvestryggen og sikte seg inn på bilen. Tidsbruk: 4,5 timar.

Kart: 1518 II - Galdhøpiggen



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

På veg mot Leirløyfti, biletet er teke i om lag 1650 meters høgde
Store Tverrbotntinden (2161 moh), med Austre Tverrbotntinden (2151 moh) i bakgrunnen
Vestre Tverrbotntinden (2113 moh) sett frå fortoppen
Vestre Tverrbotntinden, i bakgrunnen Loftet (2170 moh) og nokre Hestbrepiggar
Bukkehøi (2314 moh) og nokre Bukkeholstindar på austryggen. I bakgrunnen Ymelstinden (2304 moh), Storgjuvtinden (2344 moh), Galdhøpiggen (2469 moh), Store Tverråtinden (2309 moh) og Midtre Tverråtinden (2302 moh)
Store Bukkeholstinden (2213 moh) og Søre Illåbreen, Glittertinden (2365 moh) bak til venstre i biletet
Glittertinden. Nede i venstre biletkant kan du skimte trakket opp frå Steindalen
Tre klyvarar på toppen av Vestre Tverrbotntinden
Austre og Austraste Tverrbotntinden (2106 moh). Midt i biletet Visbretinden (2234 moh), i bakgrunnen tindar mellom Gjende og Bygdin
Store Bukkeholstinden
Store og Søraustre (2058 moh) Bukkeholstinden, attanfor Søraustre ser du Leirhøi (2330 moh)
Utsyn sørover mot Kyrkja (2032 moh), i framgrunnen ryggen vest for Tverrbytthornet
Midtre Høgvagltinden (2066 moh) og Høgvaglbreen
Skardalseggi (2159 moh) og Skardalstinden (2100 moh)
Store Rauddalseggi (2168 moh) og Sjogholstinden (2141 moh)
Mjølkedalstinden (2137 moh)
Semelholstinden (2147 moh), Semeltinden (2236 moh), Visbretinden og Visbreen
Tverrbytthornet (2102 moh) og Vestre Tverrbytthornet (2035 moh), den spisse toppen i bakgrunnen er Store Heillstugutinden (2346 moh)
Leirvatnet (1401 moh) og Leirvassbu i nedre biletkant.
Stetinden (2020 moh), i bakgrunnen Surtningstinden (1997 moh), Gravdalstinden (2113 moh) og Storebjørn (2222 moh)
Eit pent lite utval Smørstabbtindar, dei mest tydelege er Storebjørn, Veslebjørn (2150 moh), Sokse (2189 moh), Kniven(2133 moh) og Store Smørstabbtinden (2208 moh)
Nordvestover mot Veslfjelltinden (2157 moh) og Loftet. Vestre Skagsnebb (2093 moh) og Skagsnebb (2003 moh) kan skimtast i framgrunnen av desse to
Store Tverrbotntinden, med Bukkehøi attanfor