turtagrø - skogadalsbøen - hjelle 27.-28. juli 2006

Torsdag 27. juli: Turtagrø - Skogadalsbøen
Vermeldinga var såpass bra (som elles i sommar) at eg tjuvstarta ferien, noko som viste seg å vere fornuftig. Først litt på asfalt og sti frå Turtagrø, med utsyn mot Hurrungane, og så på grusvegen innover Helgedalen. Fanaråken reiser seg flott fremst i dalen, men turen skulle ikkje gå dit denne dagen. Etter pausen ved Ekrehytta gjekk nemleg turen mot Keisarpasset og ikkje oppover steinura mot Fanaråken. Ekrehytta - Keisarpasset var forresten den einaste biten av turen eg ikkje hadde gått tidlegare.

På høgda ved Skautevatnet var det eit nydeleg utsyn mot både Styggedals- og Skagastølsryggen, men det var ikkje lett å sjå om det var klatrarar oppi der. I ettertid (på PC`en...) oppdaga eg ein på toppen av Gjertvasstinden. Vidare bort til Keisarpasset møtte eg berre ein familie, men frå passet vart det folksomt. Dei fleste var på veg nedover mot Skogadalsbøen, men det var òg ein del som skulle opp på Fanaråken. Skal nok ikkje sjå bort frå at somme skulle til Turtagrø òg.

Ved Gjertvatnet vart det ein lang pause med superb utsyn mot Styggedalsryggen. La først etter eit kvarter merke til at det var folk i Gjertvass-skaret. Det kan ha vore den gjengen med breutstyr som datt inn ut på ettermiddagen på Bøen, eller kanskje ikkje. Det var no uansett kjekt å sjå at ikkje alle går den breie veg. Då eg såg gjennom bileta i ettertid såg eg at det var folk på Styggedalstinden òg.

No var eg sjølv inne på den breie veg nedover Gjertvassdalen og kunne nyte utsynet mot Uranostinden, Stølsnostinden og Falketind i søraust. Eg høyrde eit par tôrebrak i aust og himmelen var noko svart i den retninga, men eg rekna med eg var innandørs før det i tilfelle small. Nedst i dalen var eg ein snu bortom Gjertvasselvi for å konstatere at det framleis var klopp over elva, sånn i tilfelle eg har behov for å krysse på ein tur til Gjertvasstinden eller Vormeli. Kloppen var der, i tillegg var det sikra med tau sidan eg sist var der. Då var det berre å rusle den siste halvtimen bort til Bøen, der eg tilfeldigvis traff nokre gamle kjende (det er ein vane på Bøen).

Fredag 28. juli: Skogadalsbøen - Hjelle
Avgang rett etter halv ni frå Bøen i lett regn og tett skodde. Ikkje draumeveret, men eg hadde no eit håp om at det skulle letta slik at eg fekk utsyn mot dalane og tindane på vestsida av Utladalen. Det vart med håpet så dei første timane gjekk utan utsyn opp forbi Friken og ned til Fleskedalen. Her byrja veret så smått å betre seg og det vart mogleg å ta ein pause ved elva.

Vidare gjekk det lett nedover skogen og over Fleskedøla og bort til Vettismorki. Her vart det sjølvsagt litt knipsing av den flotte stølen med den fantastiske plasseringa og Hurrungane i bakgrunnen. No var det berre ein svipptur bort til Vettisfossen og det er litt av ein overgang å kome frå den flate Morki til stupa ved fossen. Fossen er den høgste uregulerte i landet og vil nok vere det i all framtid. Også her vart det mykje tid til å nyte inntrykka og til å ta ein del bilete.

Ein matbit vart det òg tid til på ein liten haug ved fossen. Her var det i tillegg flott utsyn mot Snørestødet og heimste delen av den utruleg flotte Stølsmaradalen. Så var det å spasere ned til Vetti, og etter ein liten pause der, var det ei halv mil på grus ned til Hjelle. No hadde sola verkeleg kome fram, rett nok blanda med eit par regnbyger, så det vart ei flott avslutning på ein fin tur.

Kart: 1517 IV - Hurrungane og 1518 III - Sygnefjell



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Det nye hotellet på Turtagrø
Helgedalen og Fanaråken (2068 moh)
Fanaråken sett frå Helgedalsbotnen
Ekrehytta
Styggedals- og Skagastølsryggen
Gjertvasstinden med ein person på toppen (nei, det er ikkje ein varde)
Utsyn frå Keisarpasset mot Falketind (2068 moh) og Stølsnostinden (2074 moh)
Gjertvatnet (1395 moh), med Falketind og Stølsnostinden i bakgrunnen
Vandrar på veg mot Fanaråkhytta
Utsyn frå Gjertvassdalen mot tindeverda aust for Utladalen
Sagi (2040 moh), som absolutt er eit naturleg namn på toppen
Urdanosi (1900 moh) og Slingsbytinden (2026 moh), med Langeskavltinden (2014 moh) i bakgrunnen mellom dei to toppane
Uranostinden (2157 moh)
Fanaråken sett frå Gjertvassdalen
Nydeleg utsyn mot Gjertvasstinden (2351 moh) og Styggedalstinden (2387 moh), og Gjertvassbreen
... og jammen var det ikkje folk i Gjertvass-skaret (6) og på Styggedalstinden (1)
Brefølgjet er oppe i skaret, medan han/ho/dei på Styggedalstinden går mot Sentraltinden (du ser han/ho/dei heilt oppe til høgre)
På veg nedover Gjertvassdalen med Skogadalsbøen midt i biletet
Utsyn framover Stor-Utladalen, med Kyrkja heilt i bakgrunnen (det pyramideforma fjellet, 2032 moh)
Utsyn mot Utla og Hillerhø (1622 moh)
Ved Storebrui
Skogadalsbøen
Valfridom frå Skogadalsbøen
Raudfargen på brua over Skogadøla livar opp i morgonskodda
Fleskedalen
Ved stølen på Vettismorki, med Stølsmaradalen og Austre Ringstinden (2002 moh) i bakgrunnen
Mot Fleskedalen frå Morki
Vettisfossen
Storebekken og Stølsmaradalsfossen. Det framspringande fjellpartiet er Snørestødet, der stien mellom Stølsmaradalen og Midtmaradalen passerer
Utsyn mot Vetti, Lauvhaugen og Flaten
Vetti
Avdalsfossen