sota sæter - eidsbugarden 17.-24. juli 2004

Vekelang fellestur som turleiar for DNT Oslo og Omegn

17. juli: Oslo - Sota Sæter
Ein keisam reisedag, var stuptrøytt sidan eg hadde teke nattbussen ned frå Sogndal

18. juli: Sota Sæter - Nørdstedalseter
Grei start opp bakkane frå Sota, slak, men lang stigning. Litt yr i lufta, men fint å gå. Då breen nærma seg vart det surare og då det var kombinert matpause og innbindingsøkt ved brekanten, var det alt anna enn morosamt. Det tok tid å få 15 inn i tauet, noko som var kaldt for dei som måtte vente. Det var forresten min første gong med broddar, har alltid hatt stegjern tidlegare. Kan ikkje akkurat seie at eg vart overbevist om at det er greiare (sjølv om dei er lettare).

Breturen vart ein av dei verste eg har hatt. Heldigvis varte han berre noko slikt som halvannan time. Breen var vanvittig våt, stundom rann det vatn opp på leggen. Ikkje mykje hjelp i gamasjane då... Heksegryta ved Sveinkollen var heller ikkje den store opplevinga grunna tett skodde. Var veldig nøgd då eg kunne knyte meg ut av tauet på søraustsida av breen. Framleis var skodda der, men det var slutt på vatnet. Trudde me. Det viste seg diverre at samtlege elver og bekkar hadde ein dårleg dag for oss vandrarar.

Det evigvarande regnet gjorde at vass-standen var noko abnorm, den minste bekk vart eit problem. Elva som normalt kunne hoppast vart gått med vatn godt over ankelhøgde på samtlege, alle var så våte frå før at ingen gadd å ta seg bryet med å ta av seg skoa... Me kom no fram til Nørstedalseter etter kvart, der det viste seg at dei var så snille at dei hadde venta med middagen slik at me kunne få ete straks me kom:-). Tidsbruk: 10 timar. Høgdemeter: Opp 900, ned 650

19. juli: Liabrekulen
Dagstur til eit flott utsynspunkt på Sognefjellet. Grunna turen dagen før, var det eit amputert reisefølgje som tok denne dagsturen. Grei tur, men elva frå Liabreen måtte vadast to gonger. Kaldt. Ein del snø ved toppen, elles fint å gå. Utsynet var veldig bra, iallfall i høve kva me hadde den føregåande dagen. Diverre låg skylaget på om lag 2000 moh, men det gjorde ingenting for meg som var meir oppteken av Lustrafjella enn Jotunheimen:-). Tidsbruk: 8,5 timar. Høgdemeter: Opp og ned 950

20. juli: Nørdstedalseter - Sognefjellshytta
Dette vart den lengste dagen målt i kilometer. Veret var heldigvis med oss, rett nok litt regn dei første ti minuttane, men deretter vart det berre betre og betre. Det var også veldig kjekt med ok ver denne dagen, for det tok sin tid å krysse Sognefjellet. Dei første fem-seks timane gjekk eigentleg med til å gå rundt Liabrekulen som nokre av oss var på dagen før. Fin sti og lett å finne fram, men ein del opp og ned. Ein del gange på snø, spesielt ned mot Storevatnet.

Utsynet vart bra straks me runda sørover mot Storevatnet og fekk Galdhøpiggen i augnesyn. Rundt Kjerringhetta gjekk det veldig tungt, stien var lagt om, noko som medførte heftig kartlesing. Dei siste timane var det ok, ein del opp frå Storevatnet, men så flata det ut og me fekk ei flott avslutning bort til Sognefjellshytta. Tidsbruk: 10 timar. Høgdemeter: Opp 970, ned 520

21. juli: Sognefjellshytta - Fanaråkhytta
Nydeleg dag i fjellet. Sein avgang (dvs kl 10) frå Sognefjellshytta, me skulle ikkje vere ved brekanten før kl 13. Det vart eit par gode pausar før me kom bort til breen og jammen vart det ikkje ein god pause før brevandringa byrja også. Breturen var grei, ikkje det at breen var så spanande, men utsynet var jo glimmers. Vel oppe på Fanaråken var det berre å gå berserk med kameraet, kan ikkje vere ofte det er så fint ver der. Tidsbruk: 6 timar. Høgdemeter: Opp 650

Må nemne overnattinga med ein del ord. Dette var den første skikkelege fine dagen denne fjellsommarsesongen og vermeldinga hadde då også i nærare ei veke utpeika dette som byrjinga på godveret. Dette medførte eit rush utan like av folk som ville på Fanaråken denne dagen. Det gjekk dermed slik det måtte gå. Ny overnattingsrekord, den gamle rekorden vart krast. Om det var 83, 84 eller 86, er vel framleis uklårt, men fullt var det for dei som prøvde å få seg nokre timar med søvn 2068 meter over havet. Det som imponerte mest var likevel korleis betjeninga handterte situasjonen. Alle fekk tilvist soveplass, alle fekk middag og frukosten var klar 7.30. Og aldri teikn til noko som kunne likne panikk. Veldig, veldig bra.

22. juli: Fanaråkhytta - Skogadalsbøen
Sein avreise denne dagen også, men det spørst vel kor mange som hadde sove veldig mykje denne natta. Ikkje overraskande var det morgonskodde på Fanaråken, men den var ikkje verre enn at det nede ved vassdunken (eit par hundre meter å gå mot Turtagrø) stort sett var fri sikt mot Hurrungane. Det vart ein roleg tur ned til Skogadalsbøen. Skyene hadde trekt litt ned att denne dagen, men det var ein fin gådag. Nokre pausar vart det sjølsagt, me hadde ikkje behov for å henge oss på dei som sprang til Bøen for å få sengeplass. Me hadde jo bestilt... Rett før Bøen var det ein hjort som laga litt oppstuss, elles var det dårleg med dyreliv. Ok då, ein bunke med sauer var det i Jervvassdalen. Kan ta med at peisestova fekk vitjing av ei flaggermus om kvelden, noko som var eit hyggeleg innslag. Tidsbruk: 4,5 timar. Høgdemeter: Ned 1230

23. juli: Skogadalsbøen - Fondsbu (Eidsbugarden)
Kjip slut på ei fin veke. Lang dag i dårleg ver, regn og skodde dominerte kraftig utover dagen. Ikkje så mykje å fortelje om, Skogadalen var fin å gå, det var ikkje øvre Mjølkedalen. Me såg ikkje noko til Mjølkedalsbreen og så var me nede ved Eidsbugarden og ei eigentleg flott veke var snart over. Tidsbruk: 9 timar. Høgdemeter: Opp 860, ned 630

24. juli: Eidsbugarden - Sogndal
Heimreise etter å ha fått reisefølgjet på rett kurs mot høvesvis Oslo og Bergen

Kart: 1418 I - Skridulaupen, 1418 II - Mørkrisdalen (berre 0,5 km), 1517 I - Tyin, 1517 IV - Hurrungane og 1518 III - Sygnefjell



bilete frå turen (klikk på bileta for større utgåve)

Hovudbygningen på Sota Sæter
På veg ned til eit vatn (1407 moh) sørvest av Fortundalsbreen
Utsyn sørover mot mellom anna Urdanostinden (2157 moh) og Stølsnostinden (2074 moh) frå Liabrekulen (1910 moh)
Hestbrepiggane sett frå Liabrekulen
På veg ned frå Liabrekulen
Middalen, Nørdstedalen, Harbardsbreen og Fortundalsbreen
Nordvestover mot Tverrådalskyrkja (2087 moh), Fortundalsbreen og Tundradalskyrkja (1970 moh)
Ved bretunga på den vetle Liabreen
Loftet (2170 moh) og Veslfjelltinden (2157 moh). Galdhøpiggen (2469 moh) i bakgrunnen til venstre for Loftet
Galdhøpiggen og Skardstinden (2373 moh)
Liaflui (1768 moh) og Liabrekulen
Jervvasstinden (2351 moh), Store Styggedalstinden (2387 moh), Fanaråken (2068 moh) og Steindalsnosi (2025 moh)
Bøverbrean
Sokse (2189 moh)
Sognefjellshytta, med Styggedalsryggen, Fanaråken og Steindalsnosi i bakgrunnen
Taulag på veg opp Fanaråkbreen
Lustrafjorden og Lustrafjell sett frå Fanaråken
Austover Jotunheimen, nærast er Smørstabbtindane og -breen
Utsyn mot mellom anna Høgvagltindane, Rauddalstindane og Mjølkedalstinden (2138 moh)
Mjølkedalspiggen (2040 moh), Sagi (2040 moh), Langeskavltinden (2014 moh), Urdanostinden, Falketind (2067 moh) og Stølsnostinden
Smørstabbtindane og -breen
Snøkappa på Glittertinden (2465 moh) har ikkje smelta noko særleg
Mot Rauddalen og Rauddalsvatnet (1313 moh)
Falketind, Stølsnostinden og Hjelledalstinden (1989 moh)
Styggedals- og Skagastølsryggen
Dyrhaugstindane
Tverrådalskyrkja og Fortundalsbreen
På veg ned til Keisarpasset frå Fanaråken
Turfølgjet passerar i høveleg avstand til Jervvassbreen
Oppover Storutladalen med Kyrkja (2032 moh) i bakgrunnen
Skogadalsbøen nærmar seg
Skogadalsbøen
Skogadalen i dårleg ver